Hopp til innhold

Styret i Helse Møre og Romsdal vedtok omstridd spareplan

Torsdag vedtok styret i Helse Møre og Romsdal dei største innsparingane helseføretaket nokon gong. Frå skipinga i 2011 har Helse Møre og Romsdal vore på etterskot med økonomien kvart einaste år.

Torsdag skal dei store kutta i helseføretaket vedtakast Følg styremøtet her frå kl 09.00.

Torsdag skal dei store kutta i helseføretaket vedtakast. Følg styremøtet her frå kl 09.00.

Spareforslaga har skapt storm i heile Møre og Romsdal. I Ørskog protesterte folk mot forslaget om å legge ned psykiatrisk sengepost ved Sjøholt. Sjukepleiarstudentarsa dei var blitt i tvil om det var verd å søke jobb ved Helse Møre og Romsdal. Psykologane protesterte og meinte utviklinga var i strid med «Den gylne regelen». Så kom demonstrasjonstoga, først i Aure, så i Kristiansund og deretter i Ålesund. No er det også varsla demonstrasjonar i Romsdal.

Helse Møre og Romsdal planlegg å spare 131 millionar kroner i tillegg til dei 69 millionane som er alt er vedtekne. Det fekk folk i Kristiansund til å gå ut i gatene og demonstrere.

Helse Møre og Romsdal planlegg å spare 131 millionar kroner i tillegg til dei 69 millionane som er alt er vedtekne. Det fekk folk i Kristiansund til å gå ut i gatene og demonstrere.

Slik skal Helse Møre og Romsdal spare

Helse Møre og Romsdal skal arbeide for å få ned sjukefråver, redusere overtid og få større kontroll med innleige av vikarar. 42,5 millionar kroner skal helseføretaket hente på å redusere meirtid ned til 2015-nivå.

Føretaket legg opp til ein meir effektiv måte å bruke sengepostane på. Berre på dette området er tanken å spare 30 millionar kroner. Her har blant andre revmatikarane protestert, fordi den vesle sengeposten for denne pasientgruppa kan forsvinne.

Møre og Romsdal har rehabiliteringssentra i Aure og på Mork i Volda. 10 millionar kroner kan ifølgje administrasjonen hentast på å gå over til ambulante tenester i Volda og å samle rehabiliteringskapasiteten ved sjukehusa. Desse forslaga har møtt motstand både i Aure, i Volda og frå organisasjonen LHL.

Blant innsparingstiltaka på 4 millionar kroner ligg forslaget om å legge ned ein sengepost ved distriktspsykiatrisk senter i Ørskog. Så seint som i går onsdag besøkte Senterpartiets helsepolitiske talsperson, Kjersti Toppe senteret. Også Sylvi Listhaug som sit i Helse- og sosialkomiteen i Stortinget for Frp, har markert ei sterk uro mot dette forslaget.

I lang tid har helseføretaket hatt planar om å slå saman fødeavdelingane i Kristiansund og Molde. Helseføretaket har rekna ut at ei slik samling kan gje innsparingar på 10 millionar kroner. Forslaget er blant dei som har vekt mest harme i området.

Ambulansestasjonane i Møre og Romsdal har svært ulikt aktivitetsnivå. I planen som er lagd fram ligg det forslag til innsparingar på 5 millionar kroner blant anna ved å slå saman ambulansestasjonar med liten aktivitet.

6,5 millionar kroner kan sparast ved å setje bort drifta av kioskar og kaféar, i tillegg til å setje bort vasketenester, ifølgje forslaget.

Administrasjonen meiner også at operasjonsstovene i Helse Møre og Romsdal kan utnyttast betre. om ein aukar med 2 operasjonar på 10 operasjonsstover per veke og opererer i 40 veker i året, kan sjukehusa i Møre og Romsdal operere 800 fleire pasientar, heiter det i dokumenta. Nettogevinsten kan bli opp mot 12 millionar kroner.

Og til slutt vil Helse Møre og Romsdal hente ut 7 millionar kroner gjennom innføring av nye, digitale løysingar.

Ambulanse

Dei prehospitale tenestene, som ambulansane, er blant områda som står på den førebelse spareplanen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Sparing uavhengig av SNR

Helse Møre og Romsdal er tydelege på at føretaket treng å spare også uavhengig av bygginga av SNR. Spesielt resultata frå 2015 og fram til i dag viser at føretaket i den daglege drifta brukar langt meir pengar enn dei har.

På tre år skal føretaket kutte 471 millionar kroner i drifta. 200 millionar kroner skal takast i 2019. Kutt på 69 millionar kroner er alt vedtekne. No handlar det om dei resterande 131 millionane.

Opphavleg sto kravet for økonomisk resultat for 2019 på + 14 millionar kroner. Dette er no endra til eit underskot på 44 millionar kroner. Før sparetiltaka for 2019 blir sett i verk har helseføretaket altså fått ei lette i den økonomiske situasjonen på 58 millionar kroner.

– I dag er ikkje Helse Møre og Romsdal berekraftig driftsøkonomisk med tanke på inntekter og utgifter slik tenesteprosessane vert gjennomførte, heiter det i dokumenta som blir lagt fram for styret.

Samanhengen mellom SNR og sparing

Dagens kutt handlar om langt meir enn å skaffe økonomisk kraft til å byggje nytt sjukehus. Men der er ein samanheng som framgår både av ein inngått avtale, av berekraftanalyse og langtidsbudsjett.

24. november 2014 inngjekk Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Noreg ein avtale som styrer den økonomiske planlegginga fram mot det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal står klart. Avtalen inneber årleg effektivitetsforbetring på 1,8 prosent, tilsvarande 80–90 millionar kroner kvart år.

10. november 2017 blei det lagt fram ein oppdatert analyse av økonomisk bereevne for SNR. I denne rapporten er det ikkje berre ei vurdering av berekrafta i sjølve SNR-prosjektet, men også ei vurdering av arbeidet Helse Møre og Romsdal har gjort for å stå rusta til å kunne ta ei så stor investering.

Her viser rapporten til avtalen mellom Helse Midt-Noreg og Helse Møre og Romsdal. Rapporten fastslår at Helse Møre og Romsdal ikkje klarte å gjennomføre dei planlagde kostnadsreduksjonane i 2016. Rapporten peika framover, og varsla stor uvisse om helseføretaket er i stand til å nå krava om innsparing.

Også langtidsbudsjettet viser til effektiviseringsavtalen av 24. november 2014. I langtidsbudsjettet er effektiviseringa lagt inn som årlege 100 millionar kroner med varig effekt fram til 2021.

Etter innflytting i nytt sjukehus og distriktsmedisinsk senter byrjar Helse Møre og Romsdal å betale renter og avdrag på lånet som har finansiert bygginga av SNR. SNR er finansiert som 30 % eigenkapital frå Helse Midt-Noreg og dei resterande 70 % er eit lån som Helse Midt-Noreg tek opp i Helsedepartementet. Alt dette blir så gitt som eit 100 % lån som Helse Møre og Romsdal betalar over sine budsjett.

– SNR er ein del av løysinga

Samtidig er leiinga i Helse Møre og Romsdal nøye med å framheve SNR som ein del av løysinga på dei økonomiske vanskane i føretaket. To sjukehus som har eksistert nokre år skal slåast saman til eitt nytt. Berekraftanalysane viser at det er effektivitet å hente ut av dette. I tillegg vil sal av gamle sjukehuseigedomar vere med å tilføre SNR verdiar.

Berekraftanalysen viser mellom anna korleis talet på tilsette kan bli reduserte som følgje av at to sjukeus blir slått saman til eitt. Effekten av å slå saman dei to sjukehsa har vore anslått til om lag 100 millionar kroner i året.

– Vi ser at det er kirurgiske område med støttefunksjonar og medisin som har størst reduksjon i stillingar. Av stillingstyper er det sjukepleiar og anna medisinsk personell og administrasjon som har størst reduksjon, heiter det i rapporten.

Illustrasjon av sjukehuset for Nordmøre og Romsdal

Ein avtale frå november 2014 viser korleis Helse Møre og Romsdal skal effektivisere drifta for at SNR skal vere berekraftig på føretaksnivå.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Lang historie med trong økonomi

1. juli 2011 blei Helse Sunnmøre og Helse Nordmøre og Romsdal slått saman til eit nytt, stort helseføretak for heile fylket. Helse Møre og Romsdal såg dagens lys. Det gjekk rimeleg bra det første året. Driftsoverskotet var i utgangspunktet på den positive sida med over 16 millionar kroner.

Men dette var ikkje godt nok. Eigarane, Helse Midt-Noreg, kravde at resultatet skulle vere på over 87 millionar kroner det første året. Året etter skulle resultatet vere på over 133 millionar kroner.

Slik blei det ikkje. Alt etter dei to første åra var Helse Møre og Romsdal meir enn 72 millionar kroner på etterskot.

Økonomi Helse Møre og Romsdal 2011-2018

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

Driftsresultat

16.901

49.940

25.748

542.3

-20,6

-30,4

-112,1

Resultatkrav

87.450

103.330

122.196

629.0

91,2

35,2

12,2

Avvik

-18.918

-53.420

-96.719

-86.7

-111,8

-65,6

-124,3

(Millionar kroner)

Krav til økonomisk resultat

Helseføretaka har krav på seg om å skape overskot i drifta. Som nytt selskap fekk Helse Møre og Romsdal dei to første åra lov til å setje av overskotet til eigenkapital i eige selskap. Dei siste åra har Helse Møre og Romsdal hatt krav på seg til å setje driftsoverskota på bok hos Helse Midt-Noreg.

Men frå 2015 har Helse Møre og Romsdal ikkje berre hatt underskot opp mot resultatkrava. Frå dette året har Helse Møre og Romsdal også vore på minussida i sjølve drifta. Pengar som i budsjetta har vore sett av til investeringar har gått inn i drifta. Og dei siste åra har Helse Møre og Romsdal bede Helse Midt-Noreg om ekstra kassakreditt. Ved utgangen av 2018 har Helse Møre og Romsdal ein driftskreditt på 354 millionar kroner.

Fakkeltogmarkering ved Ålesund sjukehus mot kutt

Dette er frå fakkeltoget i Ålesund. Arrangementet var ein protest mot kuttforslaga i helseføretaket.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Kostnader over landsgjennomsnittet

I spareprosessen har Helse Møre og Romsdal samanlikna seg med andre helseføretak. Samanlikninga viser at Helse Møre og Romsdal har eit kostnadsnivå som ligg over landsgjennomsnittet.

Administrasjonen har peika ut Sykehuset Innlandet som eit rimeleg godt samanlikningsgrunnlag. Med den planlagde innsparinga på nær ein halv milliard kroner vil kostnadene kome ned på dagens nivå ved Sykehuset Innlandet.

Kostnadsnivå Helse

Den grøne stripa viser kostnadsnivået for Helse Møre og Romsdal. Dei siste åra har kostnadene bevega seg over landsgjennomsnittet.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Helse Møre og Romsdal i særstilling?

Helse Møre og Romsdla ser absolutt ut til å vere i ei særstilling i regionen Helse Midt-Noreg. Dei tre helseføretaka St.Olavs hospital, Helse Nord-Trøndelag og Helse Møre og Romsdal er ulike i storleik, og har ulike oppgåver. I tillegg til å vere sjukehus for Sør-Trøndelag har St.Olavs både riksdekkande funksjonar, regionale funksjonar og er universitetssjukehus med forsking og utdanning.

St.Olavs har hatt til dels store overskot frå 2009 og fram til i dag. Helse Nord-Trøndelag sleit tidleg på 200-talet. Men med unnatak av 2016 har Helse Nord-Trøndelag hatt overskot i drifta (tala under er ikkje korrigerte for resultatkrav).