NRK Meny
Normal

I dag startar hjortejakta

No går startskotet for årets hjortejakt. Fredrik Emblem meiner det er viktig å ha fokus på sikkerheit under hjortejakta.

Hjort i Hemne

STARTSKOT: I morgon går startskotet for årets hjortejakt.

Foto: Glenn Thomas Nilsen

– Ja, no er det mange som berre går og gnir seg i henda og ventar på at klokka skal slå tolv, seier Fredrik Emblem.

Emblem er leiar i Norges Jeger- og Fiskerforbund i Møre og Romsdal, og ved midnatt i kveld går startskotet for årets hjortejakt. Ei jakt som vil vare heilt fram til 23. desember i år. 10. september er det også klart for elgjakt her i fylket.

Ifølgje Norges Jeger- og Fiskerforbund er det venta at om lag 50.000 hjortejegerar skal felle om lag 35.000 hjort i løpet av hausten.

Førebudd seg lenge

– Dette er ei tid som mange gler seg til. Du har ulike type jegerar, du har dei som gler seg til laksefisket startar, og så har du dei som gler seg til jakta startar, seier Emblem.

– Eg kan melde om at engasjementet er stort, held han fram.

Fredrik Emblem

SIKKERHEIT: Fredrik Emblem meiner det er viktig å tenke sikkerheit før jaktstarten.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Han fortel at fleire av jegerane har brukt den siste tida til å førebu seg til årets hjortejakt.

– Mange har allereie vore fleire turar i skogen for å gjere seg kjent med kor dyra går og for å få ei oversikt over områda, seier han.

– Andre har laga klare jakthytter som dei skal nytte, fortel han vidare.

Men til trass for førebuingane fortel Emblem det kanskje kan bli krevjande for nokre av jegerane denne hausten.

– Kvoten er den same som i fjor, men det har vorte ein del mindre dyr dei siste åra. Det har jo vore ei ynskja utvikling at bestanden skal bli mindre, så det er ei naturleg utvikling, seier han.

– Men det er veldig store variasjonar så eg trur nokre vil slite. Det blir spennande å sjå kor mange dyr som blir skutt i år, held han fram.

Sikkerheit er viktig

Men det er ikkje det einaste som må vere klart. Også utstyret må vere på plass før jakta kan starte.

– Sikkerheit er noko av det viktigaste ein må tenke på når ein held på med jakt. Uansett kva type jakt det er.

Kvart år må jegerane skyte 30 obligatoriske skot, og deretter skyte opp før dei kan starte på årets jakt.

– På den måten kan ein forsikre seg at jegeren framleis er treffsikker, og at utstyret er i orden, fortel Emblem.

Han meiner det gjerne kunne ha vore endå større krav før jaktstarten, og at noko av det viktigaste er at jegerane er vande med å bruke våpen.

– Dess meir skottrening ein jeger har, dess betre er det. Det viktigaste er at jegerane er treffsikre, seier han.

Emblem meiner noko av det verste som kan skje er skadeskyting.

– Jakt skal vere så humant som mogleg, og dyra skal lide minst mogleg. Då er det viktig at jegeren er så sikker at han treffer det han skal. Ein skal ha respekt for dyra, fortel han.

Skogen er for alle

Det kan også vere lurt å tenke sikkerheit i forhold til kva ein har på seg.

– Bruk signalfarga utstyr, for eksempel ein caps. Hjortane ser ikkje forskjell på fargen på kleda dine, seier han.

– Men då er du i alle fall meir trygg på at andre jegerar ser deg, held han fram.

Likevel vektlegger han at turgåarar og andre som ferdast i skog og mark ikkje må føle seg utrygge i jaktsesongen.

– Det er ikkje slik at jegerane har særrett i skogen, enten du skal på tur eller plukke bær, så skal du gå trygt i skogen. Det skal ingen uroe seg for, fortel Emblem.