Hopp til innhold

Rydda 2700 tonn i fjor: – Vi får noko igjen, vi får ei god framtid

Barn over heile landet har vore ute på søppeljakt første dagen av den nasjonale strandryddeveka. – Det var meir enn eg trudde, seier sjetteklassingen Lars Ivar.

Strandryddarar i Geiranger

Måndag har elevar over heile landet rydda strender og vatn for søppel. Her er elevar frå Geiranger skule i aksjon.

Foto: Gunhild Sætre

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det betyr alt for oss å halde fjorden rein. Geiranger har ein UNESCO-status å ta vare på, seier direktør i Geirangerfjorden verdsarv, Katrin Blomvik Blomvik.

Ho trur at vi vil sjå ei betydeleg betring rundt miljøutfordringane på fjorden innan fem år, og at rydding av søppel er viktig for å få det til.

Startskotet for den nasjonale ryddedugnaden gjekk nettopp i Geiranger måndag morgon.

– Det var meir enn eg trudde, seier Lars Ivar. Han går på Geiranger skule, og har vore med på å plukke langs stranda i turistbygda. I dag har det vore elevane sin ryddedag over heile landet.

Samla inn 2700 tonn

«Hold Noreg Rent» arrangerer årleg ei heil veke med dugnad. Heile fjoråret fjerna frivillige nesten 2700 tonn plast og søppel frå naturen. Nytt i 2019 er at aksjonen er delt opp i ulike tema for kvar dag.

– Det har vore ein markant pågang av frivillige som vil vere med ut og rydde. Då vi begynte i 2011 var det i underkant av 4.000 som var med. I fjor var det 100.000 som rydda, seier aksjonsleiar Fanny Pindsle.

Alle som ønsker å bidra blir oppfordra til å melde inn ryddeaksjonar i Hold Noreg Rents «ryddeportalen». Dette byggjer grunnlaget for ei nasjonal oversikt over kor det blir rydda og bidreg til å kartleggje kvar det blir forsøpla.

Geiranger

Leiar for Geiranger verdsarv trur det tek fem år før ein får bukt med miljøutfordringane rundt fjorden.

Foto: Marianne Løvland / NTB scanpix

Plukka plast i 50 år

Hold Noreg Rent arrangerte den aller første dugnaden i Oppland tilbake i 1969. Det var då flåklypa-karakteren Ludvig skal ha blitt skapt av Kjell Aukrust for å vere maskot, ifølge foreininga.

I Harpefoss i Sør Fron kommune har ei stor mengd skuleelevar samla seg for å plukke plast langs ei av landets største elver, Gudbrandsdalslågen. Prosjektleiar for Hold Innlandet Rent, Ingvild Johanne Aarhus, seier ho er overvelda av responsen. Over 2.000 personar har meldt seg på ryddinga i regionen.

– Eg trur plast er utruleg aktuelt no, og det er sterke bilete som sit att enno frå den kvalen som var fylt med plast. Søppelet går i elva, og hamnar i sjøen til slutt, seier Aarhus.

Ungane har funne alt frå drikkekonteinarar og plastglas, til dekk og batteri frå bil.

– Det er utruleg mykje avfall, du vil ikkje tru alt vi finn langs elvene, fortel ho vidare.

Ryddeaksjon i Gudbrandsdalslågen

Hundre elevar frå Harpefoss skule var med og rydda langs Gudbrandsdalslågen på måndag.

Foto: Ole Martin Sponberg

– Vi får ei god framtid

Tilbake ved Geirangerfjorden har ungane funne både bildekk, madrassar, restar av rundballeplast, tau og leidningar. Ungane synst det både er morosamt og gjevande å vere med, og kanskje veks det til ein ny Thunberg etter arbeidsdagen.

– Eg synst det er morosamt for å vere med og hjelpe til. Vi får noko igjen for det, vi får ei god framtid, fortel Andrea i sjetteklasse på Geiranger skule.

Strandryddeveka opna i Geiranger
Foto: Gunhild Sætre