Hopp til innhold

I dag skal bøndene lufte ut

Bøndene står splitta etter jordbruksoppgjeret og må lufte motsetningane sine. Det seier fylkesleiar i Bondelaget, Inge Martin Karlsvik, før årsmøtet i Norsk Bondelag på Lillehammer i dag.

Inge Martin Karlsvik

SUNT: Fylkesleiar i Bondelaget, Inge Martin Karlsvik, trur det er bra for bondelaget å diskutere misnøya som finst i organisasjonen.

Foto: Møre og Romsdal Bondelag

Det er fleire grupper som føler at dei har komme dårleg ut i jordbruksoppgjeret, mellom andre sauebøndene og pelsdyrbøndene. Karlsvik trur årsmøtet er rett høve til å få fram og diskutere usemje i organisasjonen.

– Eg trur årsmøtet i dag kan vere ein god arena til å få fram ulike synspunkt på korleis vi kan bli betre i fellesskap.

Misnøgde med bondelaget

Det er landbruksminister Sylvi Listhaug som har vore hovudmotstandar for bondelaget. Sjølv om det til slutt vart semje i jordbruksoppgjeret, er det mange medlemmar som er misnøgde med bondelaget.

Karlsvik trur det er bra at slik misnøye får komme til overflata.

– Jordbrukspolitikken legg opp til klare vinnarar og taparar, men vi såg då vi braut forhandlingane i fjor at vi aldri har vore like samla som vi var då. Så sjølv om det no er litt misnøye, trur eg det er sunt at vi får lufte ut og diskutere korleis vi kan bli betre. Vi er ein organisasjon som ikkje skal feie slike ting under teppet.