Hopp til innhold

No er Trollstigen open

På fjellet blir fleire vinterstengde vegar opna i dag. Først ute var Trollstigen. Seinare i dag opnar også Geiranger.

På fjellet blir fleire vinterstengde vegar opna i dag. Først ute var Trollstigen. Seinare i dag opnar også Geiranger.

Sjå åpninga av vegen her.

Det er eit sikkert vårteikn når dei vinterstengde vegane opnar att. I Isterdalen stod dei første bilane klare for å sleppe gjennom sperringane då Statens vegvesen i dag låste opp bommen til Trollstigen.

– Dette er starten på sommaren i Rauma og for heile Midt-Noreg. Vi har venta i heile vinter på at Trollstigen endeleg skal opne att, seier reiselivssjef i Rauma, Hilde Gråberg Bakke.

I fjor var det rekordmange som køyrde Trollstigen med 853.000 besøkande registrert. Fjorårets sesong kunne også starte tidlegare, sidan det var rekordtidleg opning av vegen 8. mai.

– I år ligg vi på snittet. Vi har hatt mange opningar den 13. mai, fortel Ole Jan Tønnesen i Statens vegvesen.

Trollstigen har opna

Dei første bilane stod klare til å køyre Trollstigen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Naturen bestemmer

Han seier at dei fylgjer nøye med på snø og skredforhold før dei kan opne vegane. Det er naturen som styrer kor tid turistane igjen skal få bruke vegane. I Trollstigen har det vore middels med snø i år. Det største problemet i Trollstigen plar vere isnedfall, men det har dei sleppt unna i år.

– Vi har venta på ei fonn som skulle gå før vi kunne opne og no har den kome, seier Tønnesen.

LES OGSÅ:

Geiranger opnar

Også vegen mellom Geiranger og Langvatn skal opne i dag. Der har det vore store snømengder samanlikna med andre år.

– Der har vi hatt ein ny entreprenør med nytt utstyr, så det har gitt litt utfordringar, seier Tønnesen.

Opninga skjer klokka 12 i dag.

Bli med på kjøretur opp Trollstigen