NRK Meny
Normal

Nye asylmottak opna i Kristiansund

I private husvære spreidd rundt om i byen, opna Hero nye asylmottak for 150 personar i Kristiansund tysdag.

Bilder av Eren JEktvik og Vidar Aakvik Pedersen inne i boenhet.

Sjå tv-saka: I dag opnar Hero nytt mottak spreidd rundt om i 14 ulike husvære Kristiansund

Det ordinære mottaket kjem i tillegg til dei 350 akuttplassane som er i Kristiansund frå før. Fordelt på 14 ulike bustadadresser rundt om i byen har det nye mottaket plass til 150 menneske.

– Vi veit ikkje kven som kjem. Det kan vere folk som allereie bur i området på eit akuttmottak, seier mottaksleiar Vidar Aakvik Pedersen. Han veit heller ikkje kor tid dei første bebuarane kjem.

I byrjinga av november kom det i underkant av 300 asylsøkjarar til Kristiansund som er plassert på Atlanten Feriesenter og i Hotell Kristiansund. Dette er mellombels plassar som fungerer som ei kriseløysing.

Utdanna lege

Vidar Aakvik Pedersen
Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Administrasjonen i det nye desentraliserte mottaket består av sju tilsette. Aakvik Pedersen er sjølv utdanna lege, men understrekar at han berre skal vere mottaksleiar og ikkje lege.

– Hero har ikkje noko helsetilbod. Dei som kjem og busett seg fast i ein kommune har krav på same goda som andre bebuarar har. Til dømes fastlege, seier mottaksleiaren.

Tett dialog med idrettslag

Hero har tilsett miljøterapeutar og Aakvik Pedersen lovar at asylsøkjarane skal få mange gode tilbod. Blant anna jobbar dei tett opp mot idrettslag og ulike foreiningar.

– Vi skal gi dei eit tilbod som Kristiansund skal vere stolt av. Vi gler oss til å få folk inn i husa våre, seier Aakvik Pedersen.