NRK Meny
Normal

I dag kom den etterlengta brannbilen

Eide brannvesen er eit av 36 heldige brannkorps som har fått ein splitter ny brannbil av Gjensidigestiftelsen.

Ny brannbil i Eide

Det var stor jubel då den nye brannbilen kom til Eide.

Foto: Roar Strøm / NRK

Då den flunkande nye brannbilen kom med blålys og sirener, stod velkomstkomiteen i Eide klar. Den gamle brannbilen har vore moden for utskifting i årevis, og i dag skjedde det endeleg.

– Vi har vore så heldig at politikarane i Eide har løyvd pengar til å bygge ny stasjon, så vi har ikkje masa for å få ny bil, seier Alf Magne Smørholm. Han er brannsjef i Eide.

Ny brannbil på Eide

36 gratis bilar har blitt delt ut frå Gjensidigestiftelsen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Gratis bilar

Den nye bilen fekk dei gratis. Grunnen er at Gjensidige Forsikring har 200-årsjubileum og brukar 350 millionar kroner for å styrke brannvesenet. 36 brannbilar er fordelt rundt om i landet. Kristiansund brann- og redningsvesen fekk ein mindre bil.

For Eide betyr det mykje å få ein ny brannbil.

– Den viktigaste ressursen vi har er utan tvil mannskapet, men vi er avhengig av riktigverktøyy. Det er stor oppgradering, seier Smørholm.

Som julaftan

Brannmannskapet i Eide var svært nysgjerrig på den nye doningen dag, som er topp moderne. Dei tok seg frå jobb for å ynskje bilen velkomen. Bjørn Langnes har gledd seg i lang tid.

– Det er julaftan og alt på ein gong dette her, smiler Langnes.

Også Bjørnar Eide er nøgd med bilen.

– Dette er heilt fantastisk, seier Eide.