Hopp til innhold

I dag vart KBK seriemeistrar

Daouda Bamba blei Kristiansund sin store helt då han sikra seriegullet for KBK.

KBK ble seriemestere

Det var stor jubel då Kristiansund vann kampen.

I dag tok Kristiansund BK imot Sandefjord på heimebane til sesongens siste kamp og det vart dramatikk. Heimelaget leia 1–0 til pause etter scoring frå Aliou Coly. Ni minutt etter pausen var det Bamba som scora og det såg ut som om seriegullet var sikra.

Uvissa kom då Sandefjord reduserte etter 67 minutt. I siste ordinære minutt av kampen kom nok eit mål frå Sandefjord, og plutseleg var det bortelaget som sat med gullet.

Men i siste sekund sette Daouda Bamba inn i si andre scoring, fem minutt på overtid. Dermed kunne KBK og nervøse tilskodarar sleppe jubelen laus og feire seriegullet.

Daouda Bamba

Daouda Bamba heada ballen i mål på overtid.

Foto: Roar Halten / NRK

Ufatteleg herleg

Førre veke blei det full jubel i nordmørsbyen då det blei klart at KBK hadde sikra opprykk til eliteserien neste år. Laget blei tatt imot som heltar då dei kom heim til Kristiansund, og i dag kan det bli ei enno større feiring.

– Avslutninga var heilt sinnssjuk. Vi var langt oppe og langt nede og så langt oppe att. Det er ufatteleg herleg, seier kaptein Dan Peter Ulvestad.

Laget starta allereie førre veke planlegginga av livet som elitespelarar, men det å ta seriegullet er endå betre, meiner kapteinen og ler.

– Vi satsar på at det er lenge ope i byen når vi skal feire. Det blir ei lang natt, seier Ulvestad.

Christian Michelsen jubler

Trenar Christian Michelsen skal nyte kvart sekund av feiringa.

Foto: Tøsse, Anders / NTB scanpix

Stor glede

Trenar Christian Michelsen er så glad at han nesten ikkje har ord.

– Å sitte att som seriemeister etter så mykje arbeid vi har lagt ned i lang tid, er gull, seier Michelsen. Han meiner det er stor forskjell å rykke opp til eliteserien som nummer ein eller 2 i 1. divisjon. Men i kveld skal laget absolutt ikkje tenke på eliteserien, men kose seg.

– Vi skal feire det vi har gjort og det vi har oppnådd. Eg skal berre nyte kvart eit sekund i dag, seier Michelsen. Sjølv anar han ikkje korleis feira skal føregå, laget har berre fått beskjed om kvar dei skal møte opp.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL