Hopp til innhold

Brukar data til å røyste

Bur du i Ålesund, kan du frå og med i dag, stemme heime frå eigen PC.

Tore Hals
Foto: Ina- Kristin Lindin / NRK

I dag startar førehandsstemminga via internett.

Ålesund er ein av ti kommunar i landet, som prøver ut elektronisk val.

Det spesielle i Ålesund er at også 16 og 17-åringane får røyste ved kommunevalet 12. september.

Spent på veljarane

Bysekretær i Ålesund, Tore Hals, er spent på kor mange som vil delta i valet.

Tore Hals
Foto: Ina- Kristin Lindin / NRK

– Eg håper at mange vil prøve å stemme elektronisk. Eg har snakka både med elde og yngre som seier at dei vil prøve dette, seier Tore Hals.

Forsøket vekkjer merksemd

Det elektroniske forsøket er unikt i verdssamanheng.

Innbyggjarane vel sjølv om dei vilstemme på vanleg måte valdagen eller om dei vil stemme via internett. Vel ein å gjere det via PC-en, kan ein stemme fleire gongar, men det er berre den siste stemma som vert teljande.

Fleire unge vil stemme

- Eg trur mange som ikkje ville ha stemme til vanleg, vil gjere det no, fordi det er enklare, seier Kristine Stokke Hoddevik i AUF.

Monica Molvær, Høgre sin ungdomskandidat i Ålesund, trur valdeltakinga vil auke blant dei yngste veljarane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL