Hopp til innhold

I dag kan dei bli historiske

Møre og Romsdal har aldri hatt eit damelag i eliteserien for handball. Søndag kan damelaget til Molde handballklubb bli det fyrste.

Molde handballklubb.

HØYR INTERVJUET: her kan du høyre intervjuet med kaptein Anniken Obaidli og Einar Jónsson, trenar for damelaget til Molde handballklubb.

  • Høyr intervjuet med kaptein Anniken Obaidli og trenar Einar Jónsson øvst i saka.

I kveld spelar damelaget til Molde handballklubb bortekamp mot botnlaget Randesund. Dersom dei vinn denne kampen er dei sikra opprykk til eliteserien, sjølv om sesongen ikkje er ferdig. Kampen skulle opphavleg starte klokka 18.00, men vart utsett til 20.15 søndag kveld på grunn av flyproblem.

– Det er veldig bra stemning i laget no, så no er det berre å stå på desse siste kampane og få med oss dei poenga vi treng, seier Obaidli.

19- åringen har sjølv spelt handball sidan ho var 10 år gamal, og har lenge jobba mot eitt mål.

– Eg har alltid hatt ein draum om å spele i eliteserien, spesielt det å kunne få Molde opp har vore viktig for meg, fortel kapteinen.

Hardt arbeid i mange år

Hilde Bjørsvik, nestleiar i Molde handballklubb, har tidlegare sagt at hardt arbeid gjennom mange år er ein av årsakene til at det har gått så bra for damelaget.

– Det er lagt ned mykje tid i dei kjekke jentene her, men utviklinga har gått kjempefort. Mykje raskare enn vi hadde trudd, seier ho.

  • Sjå også:
De unge håndballdamene til Molde imponerer. Nå kan de være på vei til eliteserien.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL