Hopp til innhold

Jaktar etter skattar blant brukte klede

I dag har Naturvernforbundet arrangert klesbytedag i heile landet for første gang. I Ålesund var interessa for brukte klede stor.

Kamilla Båtnes

Kamilla Båtnes leitar etter skattar blant brukte klede.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Haugar med brukte klede ligg på lange bord i konsertlokalet Terminalen i Ålesund. I fleire timar har klesbytedagen pågått, men dei som har kome til slutt, har ikkje gitt opp håpet om å gjere eit kupp. Ei av dei er Kamilla Båtnes. Ho har funne ei vintage, kremfarga, tynn jakke ho vil ha.

– Eg leitar etter skattar. Eg plar vere innom Fretex og er glad eg fann noko no. Det er lenge sidan eg har funne noko brukt eg vil ha, seier Båtnes.

Klesbytedag i Ålesund

Om lag 600 plagg skifta eigar i Ålesund i dag.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Arrangement i heile landet

Det er Naturvernforbundet som arrangerer klesbytedagen på rundt 60 ulike stader i landet, i samarbeid med fleire andre organisasjonar og politiske parti. I Sverige og Danmark har det blitt ein tradisjon med klesbytedag. Grunnen til at Naturvernforbundet no arrangerer ein slik nasjonal bytedag, er at forbruket av klede har auka mykje dei siste åra. Både produksjonen av klede og transporten er forureinande.

– Det er ein stor miljøgevinst dersom folk kjøper meir brukt, seier generalsekretær i Naturvernforbundet, Maren Esmark.

  • Høyr radiosaka i Ekko om gjenbruk og byttinga av klede her

Eva Brit Langva frå Miljøpartiet De Grønne er ein av arrangørane i Ålesund og ho er heilt overvelda over responsen.

– Det har gått over all forventning. Minst 600 plagg har skifta eigarar i dag og vi har fått tilbakemeldingar om at dette må vi gjere oftare, seier Langva. Ho har sett folk som har blitt frå seg av klede etter funn av dyre designermerke inn i kleshaugane.

Eva-Brit Langva

Eva-Brit Langva er svært nøgd med klesbytedagen i Ålesund.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Gøy med gjenbruk

Alle kleda som blir til overs, går vidare til veledige føremål.

Langva trur at mange av dei har byta klede i dag er opptekne av miljøet.

– Folk tenkjer at det er gøy med gjenbruk. Både å finne skattar for seg sjøv, men også sjå at andre likar kleda dei har kome med, seier Langva.