NRK Meny
Normal

I dag forsvann summetonen frå den berømte telefonkiosken

Telefonkiosken på Bjørke vart ein turistattraksjon då bygdefolket lenka han fast fordi Telenor ville fjerne han. I dag vart summetonen kutta.

Telefonkiosk på Bjørke

I dag forsvann summetonen frå telefonkiosken.

Foto: Geir Mathiesen / NRK

Først forsvann butikken og posten frå den vesle bygda Bjørke i Ørsta. Då Telenor ville fjerne telefonkiosken også i 1997, tok bygdefolket grep. Dei festa kiosken i kjetting og fire store kampesteinar. Saka fekk stor merksemd, både i inn og utland. Telefonkiosken vart berga og fekk namnet «Prillar-Guri». I dag vart kablane klipt, slik at telefonkiosken ikkje er kopla til telenettet.

Les også:

– Burde ta vare på telefonkioskane

Geir Mathiesen var vitne til det heile og reagerer på at summetonen er borte. Han er på Bjørke for å fiske to gongar i året og meiner at telefonkiosken er ein turistattraksjon som burde få bestå.

Telefonkiosk på Bjørke

Få telefonkioskar i landet har hatt så mange presseoppslag som den på Bjørke.

Foto: Geir Mathiesen / NRK

– Det er sikkert ikkje så mange som brukar telefonen, men den har ei heilt spesiell historie og er ein kuriositet, seier Mathiesen. Sjølv brukte han telefonkiosken mykje før i tida, men i nyare tid etter at bygda fekk mobildekning, har han ikkje brukt kiosken.

Han har sjølv jobba i telebransjen for mange år sidan og forstår at det sikkert er eit kostnadsspørsmål.

– Telenor burde hatt råd til å ta vare på enkelte av telefonkioskane. Det er ikkje alt ein kan sette ein prislapp på, seier Mathiesen.

– Folk bruker ikkje telefonkiosken likevel

Informasjonssjef i Telenor, Tormod Sandstø, seier at dei ikkje kan prioritere å halde telefonkiosken på Bjørke i drift.

– At linjene forsvinn er ein heilt naturleg konsekvens av at folk ikkje brukar telefonkiosken. Vi kan ikkje prioritere vedlikehald og oppfølgjing på noko som ikkje er i bruk, det trur eg folk forstår.

Telenor meiner det viktigaste er at telefonkiosken ikkje blir fjerna frå Bjørke og Sandstø håper at folk set pris på at sjølve kiosken blir ståande, sjølv om linjene er borte.

– Telefonkiosken vil stå der som eit bilete på noko som har vore. Summetonen er borte, men folk bruker no ikkje telefonkiosken likevel.

Engasjementet for telefonkiosken på Bjørke imponerer likevel informasjonssjefen i Telenor.

– Vi er veldig glade for at folk engasjerer seg i dette. Det viser kor mykje telekommunikasjon har betydd og betyr for folk.

Gjennom sju nye program guidar Linda Eide oss til ukjende attraksjonar landet rundt. I dette første programmet dreg ho til telefonkiosken som vart lenka fast med kjettingar og kampesteinar og enda som fast innslag på BBC World. Dessutan badar ho i eit fjellvatn fult av store gullfiskar og reddar ein historisk furustubbe frå sin sikre død. I Stavanger legg Norsk Oljemuseum seg heilt flat og stiller i all hast ut ein forsømt attraksjon. (1:7)

Historia om telefonkiosken på Bjørke var med i programmet Norsk Attraksjon