Hopp til innhold

I dag fekk bamsane pleie på sjukehuset

Det skjer éin dag i året. Bamsane kan kome til sjukehuset og få fiksa både hender, føter og eit slite hovud.

Det skjer ein dag i året. Bamsane kan kome til sjukehuset og få fiksa både hender, føter og eit slite hovud.

Utanfor sjukehuset i Ålesund fekk bamsane sydd sår. Nokre blei opererte og andre fekk plaster der noko var vondt. Målet var å ufarleggjere det å bli lagt inn på sjukehus.

– Bamsen får hjelp fordi han er skada, kunne Magnus Sandsmark fortelje.

Og nokre av bamsane fekk også medisin. Rett nok var det nok sjokoladedrops dei fekk. Men på denne måten ville sjukehuset vise barna at det er viktig å ta medisinen sin om ein blir sjuk.

– Kosedyret mitt har brote snabelen sin, sa Tsion Alemseghed Zerihun. Og William Grande Haagensen hadde ein bamse som hadde fått hol i øyra sine.

Og så var det den uheldige sjiraffen då. Sjå videoen, så skjønar du kor greitt det var at også han fekk hjelp på sjukehuset i dag.

Skadde bamsar kunne i dag få hjelp på sjukehuset i Ålesund. Det var barnehagar i nabolaget til sjukehuset som var invitert. Målet var å ufarleggjere det å verte lagt inn på sjukehus. Både sying av sår, operasjon og plastring stod på programmet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL