Hopp til innhold

I dag er det sjølvaste selfiedagen

22. juni er den internasjonale selfiedagen. Men sjølvportrett er ikkje noko nytt. Allereie i 1902 var Edvard Munch i gang med å ta selfiar.

Miriam Holene (17) og Susanne Skjelbred (18).

SOMMARFERIE: Miriam Holene og Susanne Skjelbred tek selfie i Ålesund.

Foto: Oda Flatnes / NRK

Susanne Skjelbred (18) frå Bergen er på besøk med veninna Miriam Hole (17) i Ålesund. Dei to veninnene er ikkje framande for å ta ein selfie.

På utsiktspunktet Fjellstua på Aksla får dei mange gode bilde saman.

– Vi har tatt ein del, seier dei og ler.

Jentene fortel at dei i all hovudsak tar selfiar for minnas skuld. Jentene ønskjer ikkje å oppnå noko spesielt med selfiane dei tek, men seier at det er positivt å ha gode minne i lag.

Miriam Holene (17) og Susanne Skjelbred (18).
Foto: Oda Flatnes / NRK

– Flaut å ta selfie offentleg

Miriam legg aldri ut selfiar på sosiale medium, medan Susanne har to Instagram-kontoar. På hovudkontoen delar ho finare bilde, privatbrukaren derimot er det berre nære venar som får følgje.

– Der legg eg kanskje ut ein selfie i månaden, eg har ikkje behov for å vise meg fram, seier Susanne.

– Kva er flaue selfiar?

– Det er flaut å ta selfie offentleg, seier Susanne. Det gjer eg berre saman med andre.

– Kva synest de om at så mange eldre no tek selfiar?

– Det er skikkeleg koseleg! Det er morosamt å sjå når dei brukar selfiar som profilbilete, seier Susanne.

Munchs «selfietime»

Edvard Munch à la Marat ved badekaret på Dr. Jacobsons klinikk
Foto: Edvard Munch

Men å ta selfie er slett ikkje nytt. Edvard Munch starta å ta bilde av seg sjølv då han kjøpte kamera i 1902 og tok selfiar blant anna på stranda, i sjukesenga eller heime i stova.

– Han iscenesette seg sjølv og prøvde å framstille seg som ein type person. Kanskje slik vi gjer i dag med økologiske bollar og kakao ute i naturen, seier Sivert Thue ved formidlingsavdelinga på Muchmuseet.

Den store forskjellen frå då til no er teknologien. No er det enkelt å dra fram mobilkamera i alle situasjonar og bilda blir raskt delte med andre.

På Munch si tid måtte bilda framkallast og kopierast, seier Thue. Kunstnaren likte å eksperimentere med kameraet. Han leikte seg for å få ulike effektar, men teknisk vart det ikkje alltid like godt.

– Ver gjerrig på det du deler

Lin Prøitz og Kristoffer Eliassen har gitt ut bok om selfiar. Eliassen er sjølv fotograf og han opplever at så godt som alle med smarttelefonar tar bilde av seg sjølv.

Han meiner bilda som blir delte i sosiale medium er for like og kjedelege. Dei fleste ønskjer å stå fram som vellukka og vise at dei opplever fantastiske ting.

– Mitt tips er å vere litt gjerrig på det du deler og tenke etter om det er interessant for andre å sjå bilda.

Og er ein på tur og skal ta bilda, kan ein kanskje leite etter det unike og rare, i staden for det opplagde.

Ein nykomar i selfieverda

UNDERVEGS: Aurora tek selfie saman med morfar.

UNDERVEGS: Aurora tar selfie med morfar.

Foto: Oda Flatnes / NRK

Aurora Vatnehol Solevågseidet (8) nyt sommarferien saman med morfar Frode Larsen i Ålesund. Sjølv er Aurora relativt fersk i selfiegamet. Ho fekk sin første telefon i går, men har allereie tatt ein god del bilde.

– Kva har du tatt bilde av så langt?

– Hunden, meg sjølv og mamma, seier ho.

– Og så har du tatt bilde av Ålesund, på veg opp, skyt morfar inn.

Aurora har tenkt å ta litt bilde kvar dag, og sparer ikkje på selfien til spesielle høve.

– Eg tok bilde av frukosten i dag også, seier ho og ler.

RESULTATET: Aurora Vatnehol Solevågseidet (8) tar selfie sammen med morfar Frode Larsen på Fjellstua i Ålesund.

RESULTATET: Somarselfie i solfylte Ålesund.

Foto: Privat