Hopp til innhold

I dag blir Bergljot pensjonist

Den kjende radio- og tv-røysta i NRK Møre og Romsdal, Bergljot Hjorthol, går av med pensjon. Det betyr ikkje at den samfunnsengasjerte 68-åringen sluttar å bry seg om viktige saker.

Bergljot Hjorthol

Bergljot Hjorthol var den første kvinnelege journalisten i NRK Møre og Romsdal då ho starta i 1978. No går ho av med pensjon.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kjøkkenbordet i Lerstadlia i Ålesund er fullt pådekt med pålegg, rundstykke, kaffi og levande lys. Slik gjer Bergljot Hjorthol det kvar einaste morgon, sjølv om ho bur åleine.

Sunnmørsposten og Klassekampen på papir vert fortært saman med blautkokte egg. Men frå 1. oktober slepp 68-åringen å skunde seg med frukosten for å nå morgonmøtet, der journalistane diskuterer kva saker som skal prioriterast.

– Det er ikkje slik at eg har ei lang liste over kva eg skal gjere som pensjonist. Eg tar det litt som det kjem, seier Bergljot Hjorthol, som no må øve på å ikkje vere så effektiv.

Første kvinnelege journalist

Sjølv om Se og Hør var på besøk på kjøkkenet hennar for mange herrens år sidan, då ho var programleiar i Norge Rundt, er det uvant for Bergljot å vere den som blir intervjua og ikkje ha kontroll.

– Det kjennest merkeleg at no er det eg som skal bli intervjua. Eg har vore van med å halde mikrofonen i handa og stikke han fram til nokon, ler den ferske pensjonisten.

Det er snart 37 år sidan ho stakk NRK- mikrofonen fram for første gong. Etter 11 år i Bergens Tidende vart ho den første kvinnelege journalisten på distriktskontoret i Ålesund.

– Det var eit fint miljø der dei mannlege journalistane viste tydeleg at dei var stolte av arbeidsplassen, fortel Bergljot.

Brede Røsjø og Bergljot Hjorthol

Fotograf Brede Røsjø og Bergljot Hjorthol vert begge pensjonistar. Biletet vart tatt under avskjedsfesten på Teaterfabrikken i Ålesund.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kjendis på gata

Det tok ikkje lange stunda før radiolyttarane i Møre og Romsdal kjende att den karakteristiske røysta til Bergljot. Folk stoppa henne på gata for å snakke om det som opptok dei.

– Det var heilt tydleg at folk sette pris på oss som jobba i NRK. Det var liksom noko svært. Det skuldast nok at vi hadde færre å konkurrere med, seier Bergljot.

Også i dag er det mange som kjenner Bergljot. I ei omdømeundersøking frå NRK Møre og Romsdal var Bergljot Hjorthol det namnet flest lyttarar kjende til. Ho treng faktisk ikkje seie mange orda, før folk snur seg og ser om det verkeleg er den munnrappe og engasjerte journalisten som står der.

Ville ikkje bli sjukepleiar

Gardsjenta frå Sykkylven ville verken bli lærar, sjukepleiar eller sosionom, slik som mange andre jenter i klassa hadde planar om. Då Bergens Tidende søkte etter ein kvinneleg lærling, heiv ho seg rundt. Åra i Bergen gjorde henne sikker på at ho hadde valt rett yrke.

– Eg har alltid hatt eit samfunnsengasjement. Det har eg med meg heimanfrå. Foreldra mine var gardbrukarar, men var også interesserte i lokalpolitikk, seier 68-åringen.

Bergljot Hjorthol

Morgonen er den beste stunda på dagen, meiner Bergljot. Ho tar seg tid til å dekke på bordet, tenne lys og lese aviser.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes

Bryr seg om dei svake

Du kunne kanskje spurt meg om likestillingsprisen? seier den Bergljot, som ikkje heilt vil sleppe kontrollen i intervjusituasjonen.

Opp gjennom åra som NRK-journalist har ho gitt ei røyst til svake grupper i samfunnet. I 2012 fekk ho Møre og Romsdal fylkeskommune sin likestillingspris.

Kvifor har du dette engasjementet for svake grupper, som gjorde at du fekk likestillingsprisen?

– Eg blir engasjert når eg ser noko eg oppfattar som urettferdig. Når folk blir diskriminerte på grunn av hudfarge, fysisk funksjonshemming eller kjønn føler eg at dette må vi prøve og rette opp og balansere, seier Hjorthol.

Fekk skjenn av Bruaset

Språk har ein heilt spesiell plass i hjartet til Bergljot. Då ho starta karrieren sin i avisbransjen var ho omgitt av korrekturlesarar som finkjemde setningane hennar, før dei kunne settast på trykk. I dag har korrekturlesarane blitt stadig færre.

– Nei og nei, her er det feil i overskrifta, seier Bergljot og peikar på ein avistittel.

Dei siste åra har Bergljot vore språkkontakt i NRK Møre og Romsdal, men ho understrekar at ho slett ikkje er plettfri sjølv.

– Eg vart tatt til sides av Oddgeir Bruaset ein dag fordi eg skreiv eit bokmålsord. Eg skreiv «hvis» i staden for «viss». Bror min som er litteraturprofessor meinte det var utilgjeveleg, ler Bergljot.

Reiste til feil bygd

Etter snart 37 år i NRK har ho mange minner frå reportasjar ho har laga og folk ho har møtt. Ho har også besøkt kvar ein krik og ein krok i fylket, men sjølv om ho er ganske stø i geografi, har ho dumma seg ut.

– Eg gløymer ikkje den gongen eg tok feil av Eidsvågen i Nesset og Elnesvågen i Fræna. Eg drog til feil bygd og det mest stressande var at eg hadde invitert vener heim til meg på kvelden, ler Bergljot.

Til trass for at ho er ein av dei mest effektive journalistane i redaksjonen, fekk ho knapt med tid. Enden på visa var at gjestane måtte møte opp hos henne i god tid og stelle i stand festen.

Bergljot Hjorthol

Fleire dagar i veka er Bergljot på joggetur. I skogen på Lerstad har ho ein eigen stad der ho tøyer ut og gjer styrkeøvingar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Lett på fot

Den nette pensjonisten har på seg tights og rosa treningstrøye. Før frukost plar ho ofte jogge ei runde i nærmiljøet og då har ho full kontroll på geografien. På ein liten sti i skogen på Lerstad har ho også sitt eige treningsstudio. Ei tjukk grein på eit tre brukar ho til push ups og til å halde seg fast i når ho skal strekke ut.

– Kva skal ein med dyre treningsapparat når ein kan bruke naturen. Eg synest det er så herleg å vere her, seier Bergljot.

Kondisen er slett ikkje verst og ho er lett på foten når ho joggar. Dagens joggetur er mest ei oppvisning for å få fine bilete til reportasjen og også her har Bergljot lagt ein plan.

Kva med at du går føre meg og stiller deg opp i bakken med fotoapparatet og så kjem eg springande, seier Bergljot.

Ho innrømmer at det er vanskeleg å ikkje lenger ha regien.

Rundare i kantane

Sjølv er ho kjend for å vere rett på sak og er ikkje redd for å seie meininga si. Med åra meiner ho sjølv at ho har blitt mildare.

– Eg trur nok at eg i yngre år kunne verke krass og bastant. Slik som mange andre trur eg at eg har blitt rundare i kantane med åra og ser saker frå fleire vinklar, seier Hjorthol.

På stoveveggen heng bilete av sonen Vidar som har blitt vaksen. I bokhylla står det eit assortert utval av diktsamlingar. Journalisten har også ein eigen perm med dikt og songar på rim ho har laga sjølv. Ho blar fram ein kampsong ho forfatta ein gong NRK-journalistane gjekk ut i streik. Planen var å synge versa på gata då ho stod streikevakt, men no kan ho ikkje minnast at songen vart brukt. Bergljot likar seg i rampelyset og no når ho vert pensjonist kan det vere at ho må finne seg ei anna scene enn tv-skjermen.

– Eg er glad i lyrikk. Kanskje eg får lov å deklamere dikt ein stad, seier sunnmørskvinna.

Sjølv om eit langt journalistliv er over, er ein ting sikkert. Bergljot kjem ikkje til å slutte å engasjere seg.

NRK-kollega Bergljot Hjorthol trudde ho skulle på fylkestinget for å lage nyheitssak, men blei grundig lurt. Hjorthol fekk istaden Likestillingsprisen i Geiranger i dag. Ho får prisen for å ha klart å løfte fram likestilling gjennom sitt arbeid som journalist i 35 år.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL