I dag bestemmer Helse Midt-Norge seg for sjukehustomt

Etter eit turbulent styremøte i Helse Møre og Romsdal i går, skal styret i Helse Midt-Norge i dag stemme over spørsmålet om plassering av eit nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal. Møtet kan du følgje direkte her frå klokka ni.

Styret i Helse Midt-Norge 2014

Oppe f.v. styreleder Ola H. Strand, nestleder Paul Steinar Valle, Brit Tove Welde, Vigdis Harsvik, Tore Kristiansen. Nede f.v. Bjørg Henriksen, Ellen Marie Wøhni, Tore Brudeseth, Rune Heggedal og Liv Stette.

Foto: Helse Midt-Norge/montasje

Det har storma rundt avgjerda om kvar det nye sjukehuset skal ligge. Striden har stått mellom Molde og Kristiansund. I går blei det klart at Helse Møre og Romsdal gjekk inn for tomta i Molde, med knappast mogleg fleirtal, i eit møte som var prega av skuldingar om press og lovbrot i prosessen.

Daniel Haga - Helse Midt-Norge

Konstituert administrerande direktør Daniel Haga i Helse Midt-Norge har peika på Molde-tomta i si innstilling til styret.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Når styret i Helse Midt-Norge i dag skal behandle saka, er det på bakgrunn av innstillinga som er levert frå administrasjonen og konstituert administrerande direktør Daniel Haga. Haga har innstilt på Molde, i første omgang av omsyn til fagmiljøet der.

Liv Stette, styremedlem og også kommunalsjef i Ålesund kommune, ber startar møtet med å

Vedtak venta i morgon

Dersom styret i Helse Midt-Norge kjem til ein konklusjon i dag, har helseminister Bent Høie varsla at han vil ta den endelege avgjerda i eit føretaksmøte i morgon.

Det har frå fleire hald blitt kravd utsetjing av vedtaket etter uro rundt prosessen, og Høie må også svare for si rolle i saka til kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget. Statsråden har likevel avvist at dette har noko innverknad på gangen i prosessen.

Det var først uklart om pressa fekk sende direkte frå dagens møte, men Helse Midt-Norge opna for dette etter spørsmål frå fleire redaktørar.

Styremøte Helse Midt-Norge

Følg møtet direkte: Styret i Helse Midt-Norge skal ta si avgjerd i møtet som startar klokka ni.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.