NRK Meny
Normal

I arrest til måndag etter truslar mot asylmottak

Ein mann i 30-åra som laurdag kveld kom med truslar mot eit asylmottak i Volda blir sitande i arresten over helga.

Politibil illustrasjon

Politiet og dei andre naudetatane rykte ut til mottaket i Volda laurdag kveld.

Foto: Illustrasjon / NRK

I avhøyr søndag føremiddag har ikkje mannen vore særleg meddelsom, men i morgon blir det gjort nye avhøyr av mannen. I løpet av måndag blir det truleg også vurdert om mannen skal bli framstilt for varetektsfengsling.

Ringde og tok seg inn

Avisa Møre skriv at mannen skal ha ringt inn ein trussel mot eit større bygg der det bur asylsøkarar. Andre Eiksund, som er leiar ved Volda statlege mottak, fortel til Møre at mannen dessutan tok seg inn i eit bygg. Der skal han ha gått rundt i gangane og kome med truslar, mellom anna trua han med å tenne på.

Dei som budde på staden blei redde og naudetatane rykte ut. Mannen blei etter kvart pågripen, og sett i arresten, men i avhøyr i dag har han sagt lite. Politiet skulle vurdere om han kunne bli sett fri mot eit førelegg etter avhøyr, men no må han i staden forklare seg igjen over helga.

Meir etterforsking

Misnøye med at politiet har lagt vekk ei sak skal vere noko av grunnen til reaksjonen til mannen, skriv avisa. Den kan og fortelje at mannen er vurdert av lege. Konklusjonen så langt er at dette er ei politisak.

Og etterforskingsavdelinga har starta med ytterlegare granskingar i saka. Det inneber truleg både undersøkingar i området der truslane blei framsette, og også avhøyr av dei fornærma, vitne og andre involverte.