Hopp til innhold

I år er det utsjånaden som tel

I fjor tok dei verdsrekord i høgste bål. Det tradisjonsrike Slinningsbålet har blitt svært populært blant turistar og utanlandske tv-selskap, men i år er fokuset på det estetiske.

Slinningsbålet
Foto: Sara Katrin Walstad Haraldsen

Andreas Bekjorden

Bålsjef Andreas Bekjorden har som mål at årets Slinningsbål skal bli 30 meter og at det skal bli fint.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Bålgjengen på Slinningsodden er godt i gang med bygginga. Hammeren slår takfast med musikk i bakgrunnen. Store mengder paller og kasser blir stabla oppå kvarandre med ein heilt spesiell teknikk. I fjor kom bålet i Guiness rekordbok med sine 47,396 meter.

– Vi ligg litt bak skjema, innrømmer bålsjef Andreas Bekjorden. Han var med i fjor også og gløymer ikkje innspurten då dei jobba i 20 timar i strekk for å stable pallane. Den gong var målet å slå rekorden frå 2010. I år er fokuset at bålet skal bli fint å sjå på. Då får gjengen heller ofre nokre meter på høgda. Så langt er bålet 11–12 meter. Planen er å klare å bygge 20 meter til, før siste natta, slik at bålet ragar minst 30 meter over bakken.

– I fjor vart det berre fullt køyr og vi fekk ikkje tid til å bry oss om detaljane, seier Bekjorden.

Kan bli press

Bente Saxon i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre seier at det er stor interesse for Slinningsbålet, både blant turistane og ikkje minst hos utanlandske tv-selskap. Amerikanske tv-sjåarar vart nyleg kjende med bålet gjennom realityserien Amacing Race. Også i Russland og Japan har folk fått sett bygginga av det spektakulære St. Hans-bålet.

Denne sommaren kjem tv-team frå Frankrike og frå BBC til Ålesund.

Bente Saxon

Bente Saxon i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre seier det er stor internasjonal interesse for bålet i Ålesund.

Foto: Terje Reite / NRK

– Det blir lett eit press når bålet har blitt så kjent, seier Saxon. Frå reiselivsnæringa si side er dei opptekne av at ungdomane skal bygge bålet fordi det er lystbetont og ikkje fordi besøkande i byen krev det.

– Hadde dei ikkje fått det til eitt år, må vi ha full forståing for det, seier Saxon.

Reiselivet har ikkje eit eige opplegg under båltenninga, men alle som er innom turistinformasjonen får vite om Slinningsbålet.

Slinningsbålet under bygging

Det står att mykje jobb før bålet er ferdig.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Ferske bålbyggarar

På Slinningsodden har bålgjengen fått mange nye rekruttar. Bygginga av bålet har gått gjennom generasjonar, og no er det fleire i 16-17-årsalderen som har ansvaret. Sidan mange skal ha opplæring både i korleis bygge bål og korleis dei skal tenke tryggleik, går det litt seinare enn vanleg.

Bålsjef Bekjorden er likevel optimistisk på at dei skal bli ferdige.

– Vi ser at turistbussane stoppar og ser på. Slinningsbålet er bra for byen, seier bålsjefen.

Slinningsbålet skal bli verdens største

Slik såg det ut i 2016 då bålgjengen gjekk for verdsrekord. Fotograf: Martin Molnes