Hopp til innhold

Flaggar med ulike flagg på 17. mai – men ikkje alle synest det er greitt

Hønefoss seier blankt nei til andre enn norske flagg i 17. mai-toget. I Ålesund gjer dei det motsette: – Heilt absurd å hindre folk frå å utøve sin ytringsfridom på denne dagen, seier ordføraren.

Lerstad skole øver på å gå i 17. mai-tog den 16. mai.

FLAGG: På Lerstad skole i Ålesund øver dei seg på å gå i 17. Mai-tog. Her får alle representere landet dei har røter frå.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

På Lerstad skole har elevane stilt seg opp for å øve seg til den store dagen, men det er ikkje berre det norske flagget som får vaie i vinden i år.

Brødrene Emil og Mikael Lervåg stussar ikkje på det fargerike toget.

– Det synest eg er heilt greitt. Det er sikkert nokon som ikkje har norske flagg, og då kan dei feire med andre flagg, seier Emil Lervåg.

Brødrene Mikael Lervåg og Emil Lervåg med norske flagg før 17. mai

BRØR: Mikael og Emil Lervåg har ei mor frå Ukraina, og ein far frå Noreg.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Seier nei

I Hønefoss i Ringerike kommune seier dei nei til dei som ønskjer å ha andre flagg enn norske i toget.

Det var Ringerikes blad som først skreiv om saka. 17. mai-komiteens formann, John Andreas Bakken seier det er jo Noregs grunnlov som skal feirast.

– Vi har for vane å bruke norske flagg på 17. mai og slik har det alltid vore. Vi ser ikkje nokon grunn til å endre på det no, seier han til NRK.

Synest du det er greitt med andre flagg enn norske i 17. mai-toget?

Vil vise fram mangfaldet

På Lerstad skole er det 48 ulike nasjonalitetar blant elevane og lærarane og skulen vil vise fram mangfaldet.

– Då er det fritt fram for ulike flagg for dei som har lyst til å feire Noreg sin nasjonaldag, seier Hårek Sande, rektor ved Lerstad skole.

Sande seier det er viktig at skulen viser at dei er open og demokratisk.

– Vi lar folk få kunne vere seg sjølv uansett kva for etnisitet eller religion dei har.

Lerstad skole øver på å gå i 17. mai-tog den 16. mai

MANGFALD: Lerstad skole har 48 ulike nasjonalitetar på skulen.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

I Ålesund vart det stor ståhei då Aspøy barneskole i 2013 spurte 17. mai-komiteen om å få bruke heimelaga flagg i toget, der eine sida var det norske flagget, og andre var eit anna flagg.

Først sa komiteen nei, men snudde og sa til slutt ja.

I år ønskjer ikkje komiteen noko diskusjon om barna skal få ha flagg frå sitt land i toget.

– Vi bryr oss ikkje om det er nokre andre flagg her og der i 17. mai toget. Vil nokre gjere det så er det greitt, seier leiar av 17. mai-komiteen Ålesund, Cathrine Drevik Ekrem.

Også i Trondheim har dei tatt til ordet for å bruke ukrainske flagg i toget.

– Absurd å hindre ytringsfridomen

Ordføraren i Ålesund seier dei vil flagge med norske flagg på 17. mai, men peiker på at det ikkje er noko lov som hindrar folk frå å få bruke andre flagg denne dagen.

– Vi feirar grunnlova vår på 17. mai, og der står ytringsfridomen veldig sterkt. Det hadde vore heilt absurd å hindre folk frå å utøve sin ytringsfridom på denne dagen, seier Eva Vinje Aurdal.

Ho synest det er positivt at Lerstad skole vel å bruke fleire flagg under feiringa i år.

– Det høyrest fint ut. Eg synest det er fint når innbyggjarar frå andre land brukar sine nasjonaldrakter på 17. mai, og det er litt det same med flagg også.

Ikkje ulovleg, men ironisk

Jussprofessor Hans Fredrik Marthinussen ved Universitetet i Bergen, seier at det ikkje er ulovleg å oppmode om å berre bruke norske flagg, slik 17. mai-komiteen i Hønefoss har gjort, men han reagerer likevel.

– Det er jo ironisk at nokon vil avgrense folk sin ytringsfridom den dagen vi feirar grunnlova.

Marthinussen legg til at dersom det var kommunen som sende ut ei slik oppmoding, hadde det vore ei krenking.

– Alle har ytringsfridom og ingen kan nekte folk å gå med andre flagg enn det norske på 17. mai, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no