På Thon hotel i Ålesund sit Arild Mæhle Waksvik og drikk kaffi. I kveld skulle han og andre medlemmar i foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald hatt årsmøte her. Men politiet meiner gruppa ikkje bør møtast no, på grunn av trusselsituasjonen etter skytinga i Oslo.
– Eg reagerer kraftig på at politiet brukar trusselbiletet som argument for eit møte i eit lukka lokale, men godkjenner at det kan arrangerast minneparade i Trondheim med fleire tusen, seier Waksvik.
Han trur det toppen hadde kome 50 personar på møtet i Ålesund og nektar å tru at det skulle vere farleg. Han meiner politiet overreagerar og er altfor stivbeint.
Forstår at folk reagerer
Thorry Aakenes seier at politiet gir sine anbefalkingar for at dei skal kunne garantere tryggleiken.
Foto: PolitietDet er ei generell anbefaling frå politiet nasjonalt om å utsette slike typar arrangement på grunn av trusselsituasjonen, seier Thorry Aakenes. Han er fungerande leiar i fellesoperative tenester ved Møre og Romsdal politidistrikt.
– Eg forstår at folk reagerer og synest avgjerda er merkeleg, men politiet gir sine anbefalingar for vi skal vere i stand til å garantere for tryggleiken når slike arrangement finn stad, seier Aaknes.
Men er det ikkje rart at det kan bli arrangert Pride i Trondheim og ikkje eit årsmøte i Ålesund?
– Kapasiten i Trøndelag politidistrikt versus vårt er ikkje samanliknbart, seier Aakenes.
Fylgjer anbefalinga
Inge Alexander Gjestvang er leiar i organisasjonen Fri.
Foto: Pressefoto / FRIOrganisasjonen Fri tok kontakt med politiet for å melde inn det ekstraordinære årsmøtet, der målet er å starte eit eige lokallag i Møre og Romsdal.
Dei fekk ei klar anbefaling om å utsette årsmøtet, men har i staden valt å halde møtet digitalt.
– Vi forheld oss til anbefalingane frå politiet i det enkelte politidistrikt, seier leiar Inge Alexander Gjestvang.
– Digitalt er ikkje like bra
Arild Mæhle Waksvik kom ut av skapet som homofil før han fylte 16 år. Han har kjempa for homofile sine rettar sidan 1976, og meiner at eit digitalt årsmøte ikkje er eit like godt alternativ når ein skal bygge opp eit nytt lokallag. Då er det viktig å møtast fysisk og bli kjende med kvarandre.
– Samhald betyr mykje og kanskje endå meir no etter det grufulle som skjedde i Oslo. Men vi kan ikkje gå og gøyme oss, seier Waksvik.
Arild Mæhle Waksvik meiner at samhald er viktigare enn nokon gong etter masseskytinga i Oslo.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK