Brannvesen, ambulansepersonell og politi rykte ut då brannen braut ut rundt klokka 22.00 onsdag kveld.
– Då brannvesenet kom fram var hytta allereie overtent, fortel operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt Tor Andre Gram Franck til NRK.
Like etter midnatt avslutta politiet og brannmannskapet arbeidet på staden.
Politiet opplyser at ingen personar vart skadde i brannen.
Mann til avhøyr
Hytta, som er eigd av Volda kommune, ligg på ein campingplass på Rotset i Volda, men det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg.
– Mannen som bodde der er brakt inn til Ørsta lensmannskontor, opplyste innsatsleiar på staden, Kaya Øygard, til NRK onsdag.
Årsaka til at hytta byrja å brenne er ikkje kjend og politiet vil etterforske saka.
– Politiet vil avhøyre mannen i dag, i tillegg til at det vil verte gjort tekniske og taktiske undersøkjingar på branntomta, fortel operasjonsleiar Franck torsdag morgon.