Hopp til innhold

Hyllar Oddgeir Bruaset som ein konge

Gratulasjonane og helsingane strøymer på etter at Oddgeir Bruaset (70) laurdag kveld vann heidersprisen under TV2-programmet Gullruten. Sjølv rømde han frå festen tidleg.

Oddgeir Bruaset

Laurdag kveld vann Oddgeir Bruaset heidersprisen under TV2-programmet Gullruten. Folk frå fjern og nær gratulerer.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Festen ville ingen ende ta då fjernsynsbransjen feira sine eigne i Bergen. Under tv-programmet Gullruten blei det seint laurdag kveld blei klart at NRK-journalisten Oddgeir Bruaset vann heidersprisen. Sjølv søkte Bruaset ly på ein naborestaurant.

- Du veit, eg er ein gamal mann, og det var slikt støynivå at det ikkje var råd å snakke saman, ler Bruaset, som tok med seg sonen og sambuaren på ein restaurant like ved.

  • Vil du sende Oddgeir Bruaset ei helsing kan du gjere det i kommentarfeltet under artikkelen!

Gler seg over gratulasjonane

Oddgeir Bruaset får heidersprisen

Det var kulturminister Thorhild Widvey som laurdag kveld overrekte heidersprisen til Oddgeir Bruaset.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Dagen derpå seier Bruaset at han har fått ei rekkje epostar og tekstmeldingar frå fjern og nær.

Eg er veldig glad for at gratulasjonane kjem etter å ha fått heidersprisen for "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu". Eg hadde ikkje hatt den same godkjensla dersom eg hadde laga ein serie om kjendisar og maktmenneske, seier Bruaset.

Les også:

Helsingar frå heile landet

På facebook-sidene til NRK Møre og Romsdal får Oddgeir Bruaset ros og heider frå alle kantar. Nesten 2000 har søndag formiddag trykt "like" på innlegget om heidersprisen, og mange kommenterer, gratulerer, sender smilefjes og blomsterikon.

– Vel fortent, ein herleg programleiar som ikkje har fokus på seg sjølv, men på alle dei flotte menneska utan kjendisfaktor! Kjem til å sakne deg, skriv Eva Halvorsen frå Oslo, og får støtte frå ektemannen.

– Dette er så fortent. Han set alltid gjestane i fokus, og ikkje seg sjølv, seier Torleif Støylen, oppvaksen i Ålesund.

Sjåarsuksess med enkeltmenneske

Det er spesielt serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" som har gjort at tv-sjåarane har trykt Bruaset til hjartet. Gjennom programma sine har han i årevis leita seg fram til einebuarar på avsidesliggjande stader og snakka med dei om kvifor livet blei slik det blei.

Årets heidersprisvinnar er ein av våre mest folkekjære historieforteljarar. Han har ei eiga evne til å få vanlege folk i tale, sa kulturminister Thorhild Widvey frå scena i Grieghallen laurdag kveld.

Bruaset kvitterte med å takke kollegaene i NRK Møre og Romsdal, og ikkje minst kona Olaug.

Sjå takketalen her:

Oddgeir Bruaset fikk hedersprisen under årets utdeling av Gullruten.

VG: - Har tona ned seg sjølv

Også VG-kommentator Jan Ovind skriv også at prisen er velfortent og at Bruaset har klart å fokusere på gjestene, ikkje seg sjølv.

Sjølv inntok han rolla som nedtona, men myndig observatør, ulikt mange av dagens tv-programleiarar, som synes å vere like facinert av eigen person som av intervjuobjekta, skriv Ovind.

Sjåarsuksess i fleire år

Meir enn 48 milionar sjåarar har sett tv-programma gjennom 12 sesongar. Mange har sett seg ned framfor fjernsynet kvar einaste søndag.

Sylvi Antonsen frå Øksnes i Vesterålen takkar for fine program, stader og folk.

Programma er heilt utrulege, ein blir så fjetra, ein blir berre sitjandes og får ikkje gjort noko anna, ler ho.

Her er mannen bak tv-suksessen:

Oddgeir Bruaset

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL