Hydrogenløysing førebels godkjend
HAV Group i Fosnavåg har fått førebels godkjenning for eit hydrogenbasert energisystem på skip.
Dette er eit stort steg for å få ta i bruk hydrogendrivstoff i kommersiell skipsfart. Hydrogen kan vere nøkkelen til skipsfart med nullutslepp, heiter det i ei pressemelding frå teknologiselskapet.
Det er Sjøfartsdirektoratet som no har sendt ut ei erklæring som stadfester at løysinga til HAV Group er gjennomførbar og forsvarleg.