NRK Meny

Hybridkranar frå Rolls-Royce

Det brasilianske reiarlaget CBO skal utstyre forsyningsskipa sine med kranar som kan bruke både fibertau og stålvaier. Kranane er utvikla av Rolls-Royce Marine. Fibertau har låg eigenvekt, og dermed kan lastekapasiteten på skipa aukast med om lag 100 tonn. Utviklinga av fibertau-teknologien blei starta av dåverande Odim som blei ein del av Rolls-Royce Marine.