Hopp til innhold

Hybridar uroar forskarane

Kryssingar av aure og laks tar opp plassen for villaksen i fylket. Dette gjer lakseforskarar uroa.

Lakseegg

Lakseforskar Kjetil Hindar ved Norsk institutt for naturforsking, meiner at ulike hybridar er blitt ein alvorleg trussel for villaksbestanden.

Blanda gener problematisk

- Hybridar mellom laks og ørret ser ut til å overleve og vokse ganske godt i elva, seier lakseforskaren Kjetil Hindar. Dei tar opp plassen til laks og ørret, og dette er en alvorleg trussel i dei elvane som allereie har svake laksebestandar, sier Hindar.

- Vi har jo fleire slike truga elvar i Møre og Romsdal, seier forskaren, Driva er ei av elvane der villaksbestanden allereie er kraftig redusert på grunn av parasitten gyrodactilus salaris.

Forskarar uroa

- Det at desse nye artane stort sett er sterile er selvfølgeleg bra, men likevel er dei ei stor fare for mangfaldet i elvane våre, seier Kjetil Hindar. I si levetid et dei nemleg opp grunnlaget for mykje laks og aure. Vi har gjort nokre forsøk som viser at desse artane, om vi kallar dei det, reduserer næringsgrunnlaget til store mengder laks og ørret, seier forskaren.

I tillegg forstyrrar dei livet til laksen. Dei kan få problemer med å finne seg ein partner av same art, og ende opp med ein hybrid. Da døyr den greina naturleg nok ut etter kvart, seier Kjetil Hindar.