Hopp til innhold

Hutrande kaldt i kyrkja

Kjøp av pledd og servering av varm te kan bli løysinga for kyrkjegjengarar i Haram til vinteren. Forslaga er mange for å demme opp mot kommunen sine sparetiltak som mellom anna går ut på å kutte i straumrekninga til kyrkjene.

Video Kalde kyrkjer til vinteren

Kyrkjegjengarar i Haram må kle seg godt framover. Kyrkja må nemleg spare på straumen etter rekordkulda sist vinter.

Temperaturar på 13 - 14 grader er ikkje det kyrkjegjengarane er vande med. Men sprengkulda sist vinter førte til at kyrkjene i Haram brukte meir straum enn normalt. Dette førte til eit overforbruk på budsjettet på rundt 100.000 kroner.

Hege Steinsland

Kyrkjeverje Hege Steinsland må spare på varmen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

- No må vi berre halde igjen det vi kan for å minske overforbruket, seier kyrkjeverje Hege Steinsland i Haram.

Må kle seg godt

Varmepumper i to av kyrkjene hjelper på, men fram til mars må kyrkjegjengarane i Haram kle seg godt, når dei skal til gudsteneste eller gravferd.

- På Fjørtoft har dei foreslått å kjøpe inn pledd og kansje servere ein varm kopp te. Det har også vore nemnt skjerf i liturgiske fargar og andre spreke forslag, seier Steinsland.

Ingeborg Dalhaug

Ingeborg Dalhaug er budd på å kle på seg for å halde varmen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

I varmen på Kulturkafeen engasjerer kyrkja si straumsparing.

- Viss vi er førebudde på det så kler vi godt på oss, seier Ingeborg Dalhaug.

Men det er mange høve det ikkje går an å ha så mykje kle på seg, til dømes i barnedåp, så litt varme må der no vere i alle fall, meiner Dalhaug.

Bjørn Sandnes

Ordførar Bjørn Sandnes kan ikkje love meir varme

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ordførar Bjørn Sandnes kan ikkje love meir pengar til varme.

- Vi er nøydde til å oppfordre til å halde budsjetta, og det gjer vi også på skular og omsorgsinstitusjonar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL