Hopp til innhold
Eklogitt
Foto: Eirik Haukenes / NRK

Hustadkalk

  • Tapte i Høgsterett

    Grunneigarar i Eide tapte saka mot Hustadkalk i Høgsterett. Striden handla om retten til inntektene frå bergarten eklogitt. Grunneigarane tapte saka i lagmannsretten i fjor, og dette er no stadfesta av Høgsterett. Dermed må dei betale over 600 000 kroner i erstatning til Hustadkalk. Steinen blei lenge rekna for å vere eit avfallsprodukt, men har dei siste åra blitt lønsam å vinne ut.

  • Ankar til Høgsterett

    Grunneigarar i Eide ankar til høgsterett, etter at dei to gongar har tapt millionsøksmålet mot bedrifta Hustadkalk. Grunneigarane meiner dei har krav på deler av inntektene frå salet av eklogitt. Steinen blei lenge rekna for å vere eit avfallsprodukt, men har dei siste åra blitt lønsam. Advokaten til grunneigarane, Thomas Rindahl Håkonsen, meiner lagmannsretten har tolka lovverket feil og seier dei også ankar på grunn av saksbehandlingsfeil.

    Odd Visnes t.v. og Frank Visnes
    Foto: Eirik Haukenes / NRK