NRK Meny
Normal

Skal aldri ha tørketrommel igjen etter brann

Gunn Roald fekk onsdag smerteleg erfare kor brannfarleg ein tørketrommel kan vere. Heldigvis var ho heime og røykvarslaren peip.

Brannen startet i en tørketrommel

Gunn Roald fekk seg ein støkk då tørketrommelen hennar starta å brenne onsdag.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

– Eg såg mørk røyk som seiv ut av tørketrommelen, fortel Roald til NRK.

Ålesund brannvesen rykka onsdag like før klokka 13 ut med begge stasjonar til røykutvikling frå eit bustadhus. Det viste seg å vere ein tørketrommel som hadde tatt fyr.

Gunn Roald

Gunn Roald prøvde første å sløkke brannen på eiga hand.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Røykdykking blei iverksett og brannvesenet konstaterte etter kort tid at dei hadde kontroll på brannen. Ingen personar blei skadde.

Bustadeigar Gunn Roald kipte seg då ho forstod at det brann.

– Ja, men ikkje meir enn at eg trekte ut kontakten med ein gong. Eg prøvde å sløkke sjølv, men skjønte at her må eg berre ringe brannvesenet, seier ho.

Brann på Emblem

Brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Røykvarslar redda huset

Huset blei redda frå flammane av brannvesenet i Ålesund og politiet melder at det berre skal vere sotskadar. Overbefal Sindre Egenes i Ålesund brannvesen meiner hendinga er eit typisk eksempel på at tørketromlar er brannfarlege og kan ta fyr.

– Heldigvis i dette tilfelle var bebuaren heime og dei har hatt fungerande røykvarslar, seier Egenes.

– Du ser betydninga og viktigheita av å vere heime når du brukar tørketrommel, samtidig som du har røykvarslar som fungerer. Det er det som har berga huset her i dag, slår overbefalet fast.

For Gunn Roald har hendinga gjort at kleda ikkje skal tørkast i maskin lenger.

– No skal vi ikkje ha tørketrommel. Beklagar til alle som sel det, men den skal ut av huset og ingen ny skal inn, seier ålesundaren.

Ein huseigar på Emblem i Ålesund fekk i dag smerteleg erfare kor brannfarleg ein tørketrommel kan vere. 
Heldigvis var ho heime, og fekk raskt tak i brannvesenet.