Hopp til innhold

Husbrann på Brandal

Brannvesenet rykka tysdag kveld ut til ein husbrann på Brandal i Hareid kommune. Det var mykje røyk i området.

Brann i Brandal

To personar kom seg ut utan å få alvorlege skadar då det byrja å brenne i ei smultgryte i ei sokkelleilegheit i Brandal.

Foto: Svein Smørdal

– Me fekk melding om brann i ein komfyr klokka 20.06. Me har køyrt ut til Brandal i Hareid kommune, seier 110-operatør Steinar Sandvik i Møre og Romsdal.

– Me har starta med røykdykkarinnsats. Det er kraftig røykutvikling, seier Sandvik til NRK klokka 20.25.

Brann i smultgryte

Politiet opplyser seinare at brannen er på eit kjøkken i ei sokkelleilegheit.

Brannvesenet og politiet er på staden, og alle personar er ute av bygningen.

– Brannen har oppstått i forbindelse med bruk av ei smultgryte, og brannen er no sløkt, seier operasjonsleiar Trygve Ødegård i Sunnmøre politidistrikt klokka 20.43.

Dei to som var i leilegheita blir tatt med til lege for sjekk, og det blir oppretta sak.

Laster Twitter-innhold
Brann på Brandal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL