Hopp til innhold

Husbrann i Eide

Eit bustadhus på Lyngstad i Eide fekk store skadar i brann søndag. Bebuarane har kome seg ut. Brannvensenet fekk etter kvart kontroll på staden..

Brann Lyngstad Eide

Ein periode var det fare for at brannen skulle spreie seg til eit nabobygg. Denne faren vart etter kvart avverga.

Foto: Privat

Brannen blei meldt like etter klokka 16.00 søndag. Då brannvesenet kom fram var det full fyr i bustaden, og det var fare for at brannen kunne spreie seg.

Etter kort tid kunne brannvesenet melde at alle hadde kome seg ut av bustaden.

Laster Twitter-innhold

Litt seinare blei også brannvesenet i Fræna kalla ut til staden.

Brannvesenet skal straks vere i gang med å sikre verdiane i bygget.

Laster Twitter-innhold
Lyngstad