Hopp til innhold

Husa i Molde skal bli meir fargerike

Når bygardane i Storgata i Molde skal målast, får huseigarane snart ein palett med fargar dei kan velje mellom. Professor trur moldensarar blir gladare av meir fargar.

Bent Erik Myrvoll

Bent Erik Myrvoll borer i måling og murpuss for å finne dei originale fargane på husa i Storgata i Molde.

Foto: Roar Strøm / NRK

Fagpersonar er no i gang med å utarbeide ein fargepalett for sentrum av Molde. Dei tar utgangspunkt i korleis dei opphavlege fargane på husa var frå gjenreisingstida etter krigen. Det typiske for gjenreisingsbyar i Noreg, slik som Kristiansund, Voss, Narvik og Molde, er at husa var ganske fargerike.

– Fleire og fleire bygg vert måla i grått eller kvitt. Ein kan ende opp med at det fine kulturuttrykket blir måla over dersom ein ikkje tar grep, seier Mette L'Orange. Ho er både professor i farge og billedkunstner.

Sterkt blå og jordfarge

Saman med multikunstnar, Bent Erik Myrvoll, skal L'Orange prøve å finne dei originale fargane som vart brukt i Storgata.

– Vi tar noko som heiter kjerneborprøver for å kartlegge pussen også, ikkje berre målingslaga, seier Myrvoll. Han har allereie tatt prøver av ein god del hus og funne fleire spanande fargar.

Det dei ser er blant anna nokre kraftige blåfargar, jordfargar og varme raudfargar.

– Vi har byrja å få opp ein palett som vart brukt på 50-talet, seier Myrvoll.

Mette L'Orange og Bent Erik Myrvoll

Mette L'Orange og Bent Erik Myrvoll er i gang med å utarbeide ein fargepalett for gjenreisingshusa i Molde.

Foto: Roar Strøm / NRK

LES OGSÅ:

Må bli samde om fargane

Fagpersonane har halde møte for huseigarane i sentrum, der dei har informert om fargepaletten som er under utarbeiding. Ikkje alle huseigarane er like interesserte i å bruke fargar som andre har plukka ut.

– Vi må bli samde om noko som alle synest er fint, og det er sjølvsagt ein litt tung prosess, men det må til, seier Mette L'Orange.

I første omgang skal fargane dei finn under gamal murpuss, stillast ut i høve 275-årsjubileet til Molde i juni. Seinare kjem paletten som huseigarane kan bruke, med fargar som harmonerer.

L'Orange trur at innbyggjarane blir gladare av meir fargerike hus i sentrum.

– Gråe hus gir eit sansetap og rører deg minst emosjonelt. Fargar gir ei glede, seier professoren.