NRK Meny
Normal

Hus totalskadd i Herøy

Ein familie på fem er huslause etter at heimen deira byrja å brenne nyttårsaftan.

Brann i Herøy i natt

Brannmannskap kjempa mot flammane frå bustadhuset på Frøystad i Herøy.

Foto: Kjartan Vike

Politiet fekk melding om brann i eit hus på Frøystad i Herøy like etter klokka 20.00 nyttårsaftan.

Huset var allereie overtent då naudetatane kom til staden.

– Huset er fullstendig overtent. Vi reknar med at brannvesenet kjem til å jobbe med å sløkke brannen utover natta, fortalde operasjonsleiar Jon Kåre Flo til NRK.

Ingen i huset

Dei som budde i huset, to vaksne og tre barn, var ikkje i huset då det byrja å brenne.

– Heldigvis hadde familien forlete huset ei god stund før det byrja å brenne, seier Flo.

Klokka 20.36 meldte Sunnmøre Politidistrikt om at huset er overtent på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Klokka 20.54 skreiv Møre og Romsdal 110-sentral at Herøy brannvesen melder om delvis kontroll på staden og at ein tankbil frå Hareid blir rekvirert.

Uklar årsak

Klokka 23.00 var brannen sløkt, men brannvesenet vil drive ettersløkkingsarbeid.

– Andreetasjen er heilt utbrent og delar av førsteetasjen er skadd.

Politiet veit ikkje noko om årsaka til brannen.

– Vi veit ikkje korleis brannen oppstod, men vi vil etterforske saka, seier operasjonsleiar Jon Kåre Flo i Sunnmøre politidistrikt.

Laster kart, vennligst vent...