Hopp til innhold

Trur dei veit kvar brannen starta

Politiet trur dei veit kvar brannen på Sunndalsøra starta, men er tilbakehaldne med opplysningar. I heile dag har brannvesenet drive ettersløkking.

Totalskadd hus Sunndalsøra

Verken politi etter brannvesen kan førebels seie noko om årsaka til brannen.

Foto: Ingunn Karijord

Søndag ettermiddag opplyser politiet at dei no trur dei veit kvar brannen starta. Men operasjonsleiar Øyvind Sund er forsiktig med opplysningane.

Vi ønskjer ikkje å seie noko om kvar brannen starta no, seier han.

Er det grunn til å tru at det har skjedd noko kriminelt?

Nei, det trur vi ikkje, men det er dumt å utelukke det, seier han.

Søndag sende politiet innover ein krimteknikar for å sjå om dei kunne finne årsaka til brannen. Ingen kan førebels stadfeste om det kan ha noko med nyttårsrakettane å gjere.

Reiv ned deler av taket

Huset blei totalskadd etter brannen i Tredalsvegen på Sunndalsøra, som starta etter midnatt. Søndag reiv brannvesenet ned deler av taket for å få endå betre kontroll med ettersløkkinga.

Ifølgje politiet var huseigaren, ein mann i 30-åra, ikkje heime, og ingen blei skadde. Men flammane har herja med huset.

– Huset er totalskadd, dei held framleis på med etterslokking, seier operatør Tor Ivar Sjåstad ved 110-sentralen til NRK Møre og Romsdal søndag morgon.

Laster Twitter-innhold
Brann Sunndalsøra

Søndag formiddag brenn det framleis litt i huset på Sunndalsøra.

Foto: Ingrunn Karijord

Dette er den andre brannen i løpet av under eitt døgn på Sunndalsøra. Laurdag morgon blei det meldt om store skadar på eit hus på Viklandet.

Vind skapte utfordringar

Søndag melder Meteorologisk Institutt nordleg sterk kuling og til dels liten storm utsette stader. Sjåstad stadfesta søndag morgon at det var ein del vind i området, og at det kunne forlenge sløkkingsarbeidet.

– Dersom det er mykje vind kan brannen blusse opp igjen og forlenge arbeidsinnsatsen, men no er der ingen dramatikk, vi må berre få alt kaldt, seier Sjåstad.

110-sentralen fekk melding om brannen i 2-tida, og først frampå morgonkvisten fekk dei kontroll med flammane. Men huset var ikkje til å redde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL