Hopp til innhold

Mann til sjukehus etter husbrann

Ein mann vart sendt til sjukehus etter at det byrja å brenne i ein einebustad i Eidsvåg i Nesset fredag morgon.

Einebustad nedbrent i Nesset

Brannvesenet klarte ikkje å berge einebustaden som stod i brann i Eidsvåg i Nesset.

Foto: Ole Erik Loe

Alle naudetatar rykte ut etter meldingar om ein brann i ein einebustad i Eidsvåg i Nesset like etter klokka 05.30 fredag morgon.

Ifølgje 110-sentralen i Møre og Romsdal var det mannen som budde i huset som varsla om brannen, og han klarte å kome seg ut av huset på eiga hand.

– Huseigar meldte om brannen sjølv og kom seg ut av huset, fortel brannmeister Aage Henriksen til NRK.

Husbrann i Nesset

Berre røyken var att av det eldre bustadhuset i Eidsvåg klokka 08.00 fredag.

Foto: Ole Erik Loe

Mannskap frå Nesset brannvesen kom på plass klokka 05.45 og byrja med sløkkingsarbeid, men det var ikkje råd å berge huset.

Klokka 06.37 opplyser politiet på Twitter at mannen som var i huset er sendt til sjukehus.

Laster Twitter-innhold
Brann i Eidsvåg