Hopp til innhold

Bustadhuset stod ikkje til å redde

Eit bustadhus vart i ettermiddag overtent på Brandal i Hareid kommune. Flammane stod ut av både tak og veggar, og naboane vart evakuerte på grunn av mykje røyk.

Eit bustadhus er overtent på Brandal i Hareid kommune.

Huset ligg i eit byggefelt på Brandal i Hareid kommune. Foto: Svein Smørdal/Tor Andre Flatin.

Like før klokka halv sju tysdag fekk politiet melding om brannen, og kort tid seinare var alle naudetatane på staden. Også Ulstein brannkorps blei kalla inn.

Brannvesenet var tidleg i full gang med sløkking, og dei klarte å dempe flammane. Men klokka 19.00 hadde brannvesenet framleis ikkje kontroll.

Ein time seinare fortel Sindre Furnes ved 110-sentralen at brannvesenet har kontroll på flammane.

Han fortel at huset ikkje er mogeleg å redde og er mest sannsynleg totalskadd.

Klokka 20.30 driv brannvesenet med ettersløkking.

Evakuerer naboar

Innsatsleiar på staden, Stian Meek, fortel at huset allereie var overtent då brannvesenet kom fram. Alle dei næraste naboane blir evakuert på grunn av kraftig røykutvikling.

– Vindretninga endrar retning heile tida, og difor har vi kopla ut sikringane i nabohusa og evakuert alle dei næraste naboane, fortel Meek.

Huset ligg i eit byggefelt, men det var ikkje fare for spreiing. Alle som var inne i huset har kom seg kjapt ut, og det er ikkje meldt om skadde.

Politiet opprettar sak, og opplyser at brannstaden vil bli undersøkt når det er mogeleg. Dei kan ikkje uttale seg om brannårsak enno.