Hopp til innhold

Hus i brann i Ørskog

Klokka 04:22 fekk brannvesenet melding om ein brann i ein bustad på Bøen i Ørskog. Då brannmannskapen kom fram stod den ein veggen i full fyr, men alle personane i huset hadde kome seg ut. Brannårsaka er ukjend, men han skal ha starta på utsida av huset. Det er førebels ikkje kjend kor store skadar bustaden har fått, og brannvesenet jobbar no for å redde restane, opplyser 110-sentralen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL