Hopp til innhold

Hus brann til grunnen

Eit gardshus på Frostaheia i Smøla kommune brann til grunnen fredag kveld. Ein mann som budde åleine i huset, kom seg ut uskadd. Brannen vart sløkt klokka 23.22, men brannvesenet heldt vakthald utover natta. Vegen som vart stengt i samband med brannen, er no opna. Fleire fekk vatnet avstengt på grunn av vatnet, og desse kan følgje med på nettsidene til Smøla kommune for når vatnet kjem tilbake.