Hopp til innhold

Hurtigruteskip har segla vidare

Hurtigruteskipet MS «Nordnorge» har no forlate kaia i Ålesund og er på veg mot Trondheim. Det bekreftar Hurtigruta til NRK. Skipet hoppar over anløpa i Molde og Kristiansund for å prøve å ta igjen ruta. Skipet blei forsinka i Ålesund onsdag kveld då passasjerane og mannskap måtte evakuere på grunn av ein trussel. Politiet kunne seinare avklare at trusselen ikkje var reell.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL