NRK Meny

Hurtigruten vann over Stranda

Hurtigruten slepp å betale passasjervederlag for besøka sine i Geiranger. Det slår lagmannsretten fast. Hamnevesenet i Stranda kravde selskapet for 1,2 millionar kroner, men reiarlaget nekta å betale. Stranda hamnevesen må i staden betale Hurtigruten sine sakskostnader på 1,4 millionar kroner, skriv Sunnmørsposten.