MS «Kong Harald» ligg no ved Storkaia i Molde. Redningsaksjonen er avslutta, melder Hovudredningssentralen i Sør-Noreg.
– MS «Kong Harald» blir liggjande i Molde over natta. I morgon vil det bli avklara når skipet kan gå vidare. Gjestane blir varetatt om bord, og mannskapet held dei løpande orientert, seier pressevakt i Hurtigruten, Tarjei Kramviken, til NRK.
På kaia i Molde sto ordførar, Torgeir Dahl (H), for å ta imot skipet.
– Situasjonen verkar roleg og avklara no. Men kriseteamet i Molde kommune er i beredskap i tilfelle passasjerar eller mannskap skulle trenge hjelp, eller nokon å snakke med, seier Dahl.
Hovudredningssentralen melde like etter klokka 22:16 at skipet gjekk for eiga maskin, med kurs mot Molde. Det var 236 passasjerar og eit mannskap på 70 om bord.
Ankerhandteringsfartøyet KL «Saltfjord» vil følgde MS «Kong Harald» inn til hamn.
MS «Kong Harald» går i rutetrafikk mellom Bergen og Kirkenes, og var på veg sørover frå Kristiansund til Molde.
Dermed kan den høgdramatiske redningsaksjonen vere over, utan at nokon personar kom til skade.
Mange skodelystne
Hustadvika utanfor kysten av Møre og Romsdal er eit frykta havområde. Cruiseskipet «Viking Sky» fekk store problem på den same havstrekninga for to år sidan.
NRK-reporter Webjørn Espeland var på staden tidlegare i kveld. Det dårleg sikt, stiv kuling i området og kvite bølgetoppar. Fem mindre båtar låg ved skipet for å assistere.
Mange skodelystne samla seg i Bud for å følgje dramatikken på nært hald.
– Mayday, mayday
Hovudredningssentralen i Sør-Noreg slo alarm like før klokka 21. Ein video NRK har fått tilgang til viser at hurtigruteskipet sende ut ei mayday-melding på kystradioen.
– Mayday, mayday. Dette er Kong Harald. Vi er utan framdrift, melde brua.
I fleire nervepirrande minutt dreiv skipet mot land, så kom den første meldinga om at to anker var ute, og klokka 21.44 meldte HRS at skipet hadde fått start på ein motor.
Fire helikopter har vore i sving, i tillegg til kystvaktskipa KV «Sortland» og KV «Njord», og redningsskøytene «Erik Bye», «Idar Ulstein» og «DNV II».
– Roleg stemning
Anne Berit Røthe Klette frå Voss er ein av passasjerane om bord. Ho fortel til NRK at passasjerane raskt forstod at noko var gale.
– Vi skjønte at det var problem med motorane, vi høyrde det på lyden, og så kom det informasjon over høgtalarane. Vi rekna med at dei hadde kontroll. Stemninga er heilt roleg, seier ho.
Ho opplevde ikkje situasjonen som dramatisk.
– Det ligg ein slepebåt som følgjer oss, seier Klette. Ho ser berre lysa.
Kommunen set krisestab
Hustadvika kommune sette krisestab og gjorde Brynhallen som evakueringssenter. Hallen blei også brukt som evakueringsstad då Viking Sky hadde vanskar i området.
Brannvesenet i Bud gjorde klar landingsplass for helikopter, og førebudde seg til å kunne ta imot evakuerte. Det var også store styrkar frå Heimevernet, Røde Kors, Norsk Folkehjelp, helsepersonell, brannvesen og frivillige frå lokalmiljøet i Hustadvika.
– Vi vel å ha folk på plass her inntil Hovudredningssentralen melder at det ikkje lenger er nødvendig, seier innsatsleiar Arnt Ove Rød.
– Det er berre nokre hundre meter sikt, så vi ser ikkje skipet, sa Jon Einar Solheim til NRK like etter klokka 21. Han er dagleg leiar ved kafeen Bryggjen i Bud. Han var i gang med å opne restauranten i tilfelle folk trengd husly eller mat.
Ambulansebåt på grunn
Ambulansebåten MS «Øyvon» gjekk på grunn på veg mot hurtigruteskipet. Båten fekk ein skade i kjølen. Det var fire personar om bord. Dei skal ikkje vere skada. Det melder redningsleiar ved HRS, Asbjørn Viste, til NRK.
Frykta havstrekning
Hustadvika er ei frykta havstrekning med ureint farvatn. Det er ikkje meir enn to år sidan Viking Sky var minutt frå å havarere i same område. Heile verda heldt pusten då fleire hundre passasjerar blei redda i land.
Det var like etter klokka 21 Hovudredningssentralen slo alarm om at hurtigruta hadde motorstans.
MS Kong Harald blei bygd i 1993 og har plass til 590 passasjerar.