Hopp til innhold

Hurtigruta til kai etter motorstans

Hurtigruta «Finnmarken» ligg no til kai i Ålesund etter å ha fått motorstans i Valderhaugfjorden natt til fredag. Situasjonen var aldri dramatisk, opplyser Hovudredningssentralen.

Hurtigruta med motorhavari
Foto: Jostein Dahl Gjelsvik

Det var like etter midnatt skipet melde frå om at dei hadde vanskar. Det er 166 passasjerar og eit mannskap på 66 ombord. Det var Sunnmørsposten som først omtalte saka.

Det var rolege verforhold i området og det er ikkje kjent kva som er grunnen til at skipet fekk vanskar. I følgje Hovudredningssentralen for Sør-Norge var situasjonen tidleg under kontroll.

– Skipet fekk raskt assistanse av to andre båtar som var i området, seier operasjonsleiar Erik Willassen.

Laster Twitter-innhold

Han seier dei har vore til stor hjelp. Finmarken har fått hjelp både av ein losbåt og eit forsyningsskip.

Reparerte skaden på staden

Like før klokka 0430 melder dei at skipet ligg til kai etter å ha fått reparert skaden.

Dei har gått for eigen maskin, og det har gått greitt, seier Willassen til NRK.

«Finnmarken» blei eskortert av dei andre båtane til land.

– Kjenner de til om passasjerane har merka noko til dette?

– Det veit vi lite om, seier Willassen.