NRK Meny
Normal

Hurtigruta hadde storsal i Ålesund

Tysdag stod folk frå Hurtigruten ASA i Ålesund og inviterte til billetthandel. Det slo an. Men hurtigruta har likevel store problem...

MS Kong Harald

MS Kong Harald

Foto: Atle Markeng / NRK

Det er harde tider for hurtigruta. Utgiftene til drivstoff og renter aukar sterkt. Somme båtar går i opplag. Andre er lyste til sals. Men mange har lyst til å reise med nasjonalklenodiet.

Måndag kjøpte folk i Bergen billettar for over tre millionar kroner.

I Ålesund tysdag gjekk det billettar for ein million.

Cecilie Kopperud, salssjef for Norden i Hurtigruten, er godt nøgd med resultatet av Ålesundsbesøket. Ho seier dei hadde sendt ut ca. 10 000 invitasjonar på førehand og hadde svært godt besøk dei tre timane dei var i Ålesund, mykje meir enn dei hadde venta.

- Det er tydeleg at folk langs kysten slår ring om hurtigruta, og salet aukar trass i alt som blir skrive om dei økonomiske vanskane våre. Vi har fleire passasjerar no enn på same tida i fjor, seier Cecilie Kopperud.

Her er meir aktuelt stoff om hurtigruta:

Truer staten med brudd

Vil kutte anløp