Hopp til innhold

Hurtigruta droppar Ålesund

Hurtigruta "Richard With" kjem til å gå direkte frå Rørvik til Bergen når veret tillet vidare segling sørover. Det er avgjort no seint i ettermiddag.

MS Richard With - nattbilde

Hurtigruteskipet 'Richard With' ved kai i Rørvik ein sein kveld då veret var betre enn i dag.

Foto: Atle Markeng / NRK

Nyttårsturen for hurtigruteskipet "Richard With" går ikkje heilt som planlagt. Kjempebølger på kysten av Trøndelag i føremiddag, gjorde at hurtigruta snudde på nyttårsseglasen sin, og gjekk tilbake til Rørvik.

– No er det bestemt at skipet kjem til å droppe Ålesund og gå direkte til Bergen. Ei handfull passasjerar skulle nyttårskvelden ha gått om bord i hurtigruta frå hamna i Ålesund. Vi jobbar no med å finne ei løysing for desse, seier kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten til NRK.

Det er enno ikkje klart kva tid "Richard With" legg ut frå Rørvik, og iingen kan love at det vil skje i kveld.

Hurtigruteskipet Richard With

Det kan enno ta tid før veret betrarseg og 'Richard With' kan gå vidare sørover til Bergen.

Foto: Bjørnbakk, Jan-Morten / NTB scanpix

– Skipet ventar enno på betre vêr, og det er uvisst når det går vidare frå Rørvik, sier Ege.

«Richard With» skulle opphaveleg ha gått frå Rørvik mot Ålesund i går kveld. Men det dårlege veret gjorde at dei venta med å gå. I dag tidleg sette skipet kursen mot sunnmørsbyen, men møtte bølgjer på opptil 15 meter då det kom ut på trøndelagskysten.

Dette fekk kapteinen til å snu hurtigruta tilbake til Rørvik, der skipet enno ligg verfast.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL