Hurtigbåten kan bli utsleppsfri
Hurtigbåten som går mellom Ålesund og Langevåg kan bli utsleppsfri.
Møre og Romsdal fylkeskommune søker no om midlar til å sette inn ein batterielektrisk båt i sambandet.
Dersom båten blir elektrisk kan det bety ein reduksjon i Co₂-utsleppa på 800 tonn i året, ifølgje søknaden som er sendt til Miljødirektoratet.
Fylkeskommunen har i dag ansvaret for fem hurtigbåtar. Desse står for dei største klimagassutsleppa frå kollektivtransporten i fylket.