NRK Meny
Normal

Hurtigbåten får halde fram

Hurtigbåtruta mellom Vestnes og Molde blir ikkje lagt ned no. Eit rushtidstilbod blei redninga for den nedleggingstruga strekninga.

Tiderose

Hurtigbåtruta mellom Vestnes og Molde får halde fram i ei rushtidsrute, det vedtok politikarane i samferdselsutvalet tysdag.

Foto: Skipsrevyen

Det blei klart etter at politikarane i samferdselsutvalet gjekk inn for eit rushtidstilbod på sambandet. Vedtaket blei tatt i samband med at hurtigbåtrutene i Møre og Romsdal skal ut på anbod.

Hege Gagnat

Hege Gagnat frå Arbeidarpartiet er glad for at hurtigbåtruta mellom Vestnes og Molde ikkje blir lagt ned med det fyrste.

Foto: Trond Vestre / NRK

Anløpet på Vikebukt blir lagt ned medan Sekken får halde fram. Rutetilbodet har blitt sett under press på grunn av Møreaksen og Tresfjordbrua. Dette var det beste ein kunne få til, seier Hege Gagnat frå Arbeidarpartiet.

– Faren var at hurtigbåtsambandet over Moldefjorden kunne bli nedlagt. Men som følgje av god saksorientering og argumentasjon blei det vedtatt at hurtigbåten skal halde fram i ei rushtidsrute, seier ho.

Gagnat innrømmer at der er fare for at hurtigbåtsambandet kan bli lagt ned på eit seinare tidspunkt dersom reisegrunnlaget på strekninga ikkje er stort nok.

– Det er avhengig av korleis reisemønsteret utviklar seg når Tresfjordbrua opnar, men eg trur at folk framleis kjem til å nytte seg av hurtigbåten etter at brua er opna, seier ho.

For dyrt å bevare ruta

Den uavhengige representanten Bjarne Kvalsvik foreslo å leggje ned ruta. Han meiner grunnlaget for ruta forsvinn når Tresfjordbrua opnar.

– Det har vore ei føresetnad heile tida at ruta skulle leggast ned når brua kom, seier han.

Kvalsvik meiner at den nye brua vil knyte bu- og arbeidsregionen tettare saman, og at kostnadane blir for store til å bevare hurtigbåtsambandet.

Iver Nordseth

Iver Nordseth frå Venstre ser ikkje bort ifrå at hurtigbåtruta kan bli lagt ned i framtida.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det er snakk om relativt store summar kvart år, og vi har ikkje økonomi til å lyse ut sambandet på anbod for ei ny fireårsperiode, seier han.

Iver Nordseth frå Venstre meiner det er sannsynleg at hurtigbåtsambandet kan bli lagt ned i framtida dersom reisegrunnlaget ikkje er godt nok.

– Det er i alle fall ting som tydar på at trafikken kan stupe drastisk når Tresfjordbrua kjem på plass i løpet av 2015, men vi har tatt atterhald om at dette kan skje, og vil regulere ruta i samsvar med etterspørselen, seier han.