Hopp til innhold

Hurtigbåt til Godøy når tunnelen blir stengd

Denne hausten skal Statens vegvesen starte totalrenovering av tunnelen mellom Giske og Godøy. Då skal dei ha på plass hurtigbåt for å ta unna mykje av trafikken.

Sol over Godøya sett frå Rundskue

TAR SJØVEGEN: Når arbeidet tek til i tunnelen, blir båt eit godt alternativ for dei litt over tusen bebuarane på Godøy.

Foto: Sindre Vartdal Hansen

I juni vedtok Fylkestinget å utbetre Godøytunnelen for 360 millionar kroner. No er Statens vegvesen i gang med å hente inn tilbod frå entreprenørar.

I tillegg er det konkurranse om kven som skal drifte hurtigbåt til og frå Godøy, mens dei arbeider i tunnelen.

Planen er at hurtigbåtruta skal vere på plass til månadsskiftet oktober-november. Samtidig som dei startar arbeidet i tunnelen.

Men det er enno ikkje klart kven som skal drifte ruta.

– Akkurat no er vi midt i konkurransen, så vi veit meir i midten av august, seier Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.

Hurtigbåten skal ha plass til minst 120 personar, og den vil gå nesten heile døgnet med busskorrespondanse.

Med båten skal ein kome seg frå Godøya til Ålesund sentrum på eit kvarter.

Ole Kristian Birkeland

MYKJE PLANLEGGING: Ole Kristian Birkeland i vegvesenet er i gang med å finne entreprenør og tilbydar av hurtigbåt.

Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

Kan framleis køyre bil

Vegvesenet seier at det vil bli kolonnekøyring mens dei arbeider i tunnelen, men det vil i hovudsak avgrense seg til rushtida. Birkeland seier likevel at hurtigbåt vil bli nødvendig.

– Vi meiner at vi ikkje ville klart å gjere jobben med tunnelen trygt og raskt nok dersom vi ikkje hadde hurtigbåt, seier han.

Birkeland presiserer at dei ikkje har alle planane klare enda, sidan dei heller ikkje har bestemt kva entreprenør som skal pusse opp tunnelen. Men han meiner anleggsperioden skal vere ferdig etter 15–18 månadar, sjølv om det er mykje som skal på plass.

– Endeleg startdato for arbeidet er ikkje sett enda, men vi antek at det blir månadsskiftet oktober–november, seier Birkeland.

Godøytunnelen

Stort behov for oppussing

Den undersjøiske tunnelen mellom Giske og Godøya blei opna i 1989. Etter 28 år har det vore nok av problem med tunnelen.

– Det er behov for totaloppussing, sidan det ikkje har blitt gjort noko med denne tunnelen etter at den opna, seier Ole Kristian Birkeland.

Alt blir nytt, sett vekk frå asfalten

Ole Kristian Birkeland, Statens Vegvesen

– Viss vi samanliknar Godøytunnelen med ei hus så vil berre golvet og reisverk stå att, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Tunnelen skal bli tørr og lysare. Den får ny vatn- og frostsikring som brannsikrast med betong. I tillegg skal dei sprenge plass til tre nye havarilommer og ei snulomme. Det blir også betongrekkverk gjennom heile tunnelen.

Birkeland forsikrar om at tunnelen skal vere i god stand og oppfylle alle krav når den står klar i 2019.

Godøytunnelen

LEKK: Folk på Godøya har lenge vore lei av å køyre i ein trafikkfarleg tunnel. Bildet er frå 2015 og viser at det dryp frå taket.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK