Hopp til innhold

Med mildvêret kjem hundebæsjen til syne

Når snø og is smeltar dukkar det illeluktande vårteiknet opp. Nokre stader er det ulovleg å ikkje plukke opp hundebæsjen.

Hundebæsj i snøen på tursti Ålesund

Det er kort mellom hundeavføring i snøen på Borgernes veg i Ålesund.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det er ikkje berre krokusar og snøklokker som kjem fram no når snøen smeltar og det går mot vår. Ved det populære turområdet ved byparken i Ålesund ligg det hundebæsj langs heile stien.

– Det er mykje, og det er så irriterande, seier Anna Remizova. Ho er sjølv ute og luftar hunden sin, men seier at ho alltid har med hundeposar for å plukke opp bæsjen.

Hundeeigaren forstår ikkje kva som er så vanskeleg med å plukke opp.

– Ingen forlanger at du skal plukke opp etter alle hundar, men du må plukke opp etter din eigen, seier Remizova.

Det verste ho veit er når barna hennar leikar ute og får avføring under skoa.

Anna Remizova er i byparken i Ålesund og luftar den vesle, kvite hunden sin. Det er snø på bakken.

Anna Remizova har alltid med pose for å plukke opp avføringa etter hunden sin. Ho meiner alle burde gjere det same.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Det stinkar i barnehagen

Like ved byparken ligg ein barnehage som flittig nyttar seg av turområdet.

Elisa Rubeka Fylling og Elisabeth Briksdal Waage på leikeplassen i byparken i Ålesund. Det er snø og dei har på seg vinterklede. Dei jobbar i Midtbyen barnehage

Barnehagetilsette Elisa Rubeka Fylling og Elisabeth Briksdal Fylling passar på at barna ikkje trakkar i hundebæsj når dei er på tur.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Men i desse dagar må dei tilsette sjekke ekstra nøye kvar barna trakkar.

– Det er jo lukt som vi drar med oss inn i barnehagen. Vi må sende heim att støvlar eller sko til vask. Det er ikkje noko kjekt med både bakteriar og lukt, seier pedagogisk leiar Elisabeth Briksdal Waage.

Dei prøver å bruke hundebæsjen til å lære barna korleis det ikkje skal gjerast.

Hundebæsj i Ålesund
Hundebæsj i Ålesund
Hundebæsj i Ålesund
Hundebæsj i Ålesund
hundebæsj i ålesund

Kan vere ulovleg

Det er også fleire grunnar til å plukke opp hundebæsjen. Og det er ikkje berre på grunn av faren for at nokon kan trakke på den. Ifølge Ingunn Solberg Eriksson, som er sjefveterinær i Agria Vet Guide, kan det også få andre konsekvensar.

– Ein sjeldan gang kan dei innehalde virus, bakteriar eller parasittar som kan gjere andre hundar sjuke, seier ho.

I enkelte kommunar kan det vere ulovleg å ikkje plukke opp etter hunden sin. Kommunane kan nemleg lage eigne vedtekter, noko som også kan føre til bøter. Dermed vil reglane variere alt etter kvar du bur.

I Ålesund har dei gjennom ei forskrift om hundehald vedtatt at hundeeigar skal motverke forsøpling ved at hundebæsj blir fjerna frå gater, vegar, turstiar og friområde omgåande. Det same har Sandefjord, der brot på vedtekta kan føre til bøter.

Norsk Kennel Klub meiner at alle som har hund bør plukke opp etter hunden.

– Hundeeigarar blir jo ofte sjølv irritert over hundeavføring. Dei av oss som er ansvarlege og plukkar opp vil jo ikkje at det skal sjå slik ut, seier kommunikasjonsrådgivar Anne Livø Buvik.

Buvik oppmodar kommunane rundt om i landet om å legge betre til rette med søppelbøtter på populære turstiar, slik at det blir enkelt å kaste frå seg posen med hundeavføring.

Lar seg ikkje provosere

Geir Fjelneset går forbi ganske mange lortar på veg til jobb, men han brukar ikkje energi på å bli irritert.

– Eg synest ikkje det er så gale, for eg går berre forbi det. Det er irriterande dersom eg trakkar opp i det, men her visast det så godt i snøen, seier Fjelneset.

Geir Fjelneset går på Borgernes vei i Ålesund. Det er snø på stien og ein hundebæsj. Han har rutete skjorte/jakke og sekk på ryggen.

Geir Fjelneset blir ikkje irritert av hundebæsjen på veg til jobb.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL