I vår oppfylte matmor Elin Blindheim frå Brattvåg på Sunnmøre sin store draum om å flytte til Svalbard. I ungdomstida var ho der fleire gongar og har alltid lengta tilbake. Då det dukka opp ein spanande jobb, bestemte ho seg for å selje verksemda si og flytte oppover med mann og barn.
– Vi var jo spente på korleis mørketida ville bli, men for oss menneska har det gått veldig bra. Det overraskande var at hunden skulle reagere slik, seier Blindheim.
Det er berre kort tid sidan mørket kom krypande i Longyearbyen, og Ailo helst ville vere innandørs om kvelden.
Hunden er konstant trøytt
Samojedhunden Ailo er snart to år og vanlegvis svært glad i å vere ute. Han trivast på den nye heimplassen sin og har tilpassa seg godt kulden. Men den siste tida har hunden hatt eit sovehjarte utan like.
– Han legg seg tidleg om kvelden og vi må vekke han om morgonen, seier matmor.
Sist søndag måtte ho riste liv i han klokka 12 om formiddagen. Då hadde han sove sidan klokka 21 kvelden før. I vekedagane ligg han og slumrar medan resten av familien er på jobb og skule.
LES OGSÅ:
God helse
Ailo har nyleg gått gjennom ein helsesjekk, der alt var normalt. Matlysta er også bra og ute på tur er Ailo sprek og ivrig. Blindheim har forhøyrt seg med andre hundeeigarar i Longyearbyen og nokre meiner at det slett ikkje er usannsynleg at hunden har blitt påverka av mørket.
Også Gry Løberg trur forklaringa kan stemme. Ho er etolog og dermed ekspert på dyrs åtferd.
– Ein kan ikkje sjå bort frå at hundar vert påverka av mørketida. Også hos oss menneske vert døgnrytmen styrt av lyset, og vi vert trøyttare om vinteren, seier Løberg.
Ho meiner at det ikkje er uvanleg at hundar har periodar der dei søv meir og andre periodar der dei treng mindre søvn.
Skil ut meir melatonin
Hormonet melatonin styrer døgnrytmen både hos menneske og dyr. Når det er mørkt vert det skilt ut meir melatonin i hjernen og ein vert trøyttare.
– Eg ser ikkje bort frå at pattedyr har behov for meir søvn når det er mørkt. Det er klart at også dyr vert påverka av mørketida, seier Finn-Arne Weltzien. Han er professor i fysiologi ved Norges veterinærhøgskole.
At Ailo søv meir i mørketida, meiner han slett ikkje er urimeleg fysiologisk sett. Sjølvsagt kan det vere andre årsaker som speler inn, men sidan hunden har god allmenntilstand, meiner Weltzien at daglengda speler ei rolle.
– Hunden har opplevd ei ekstrem forandring ved å flytte nordover der det er mykje mindre lys enn han er vand med. Dermed merkar eigarane det auka søvnbehovet, seier Weltzien.
Ekstremt mørkt
Tone Hope Andreassen er hundetrenar og åtferdskonsulent. Ho er vaksen opp i Tromsø, og har fleire gongar vore på Svalbard. Også ho meiner at det slett ikkje er utenkeleg at Ailo vert påverka av mørket.
– Personleg trur eg at hunden kan verte påverka av slike endringar, utan at eg kan banke i bordet med forsking på området. Det er ekstremt mørkt på Svalbard og ein må vere robust for å bu der, seier Andreassen.
Ho meiner at som menneska er også hundar ulike. Medan dei fleste hundar er svært tilpassingsdyktige, er nokre meir vare på endringar. Det kan til dømes vere å flytte til ein annan stad eller nye rutinar.
– Mørketida har jo akkurat starta, så eg vil jo tru at hunden venner seg til det, seier hundetrenaren.
Aldri sett mørketidsdepresjon hos dyr
Harald Os er veterinær og har sidan 1976 behandla dyr i Nord-Noreg. Han har også vore veldig mykje på Svalbard, men mørketidsdepresjon hos dyr har han aldri opplevd før.
– Eg har møtt ein del folk som vert deprimerte i mørketida, men aldri opplevd dyr som er det, seier Os.
Fantastisk oppleving
På Svalbard vil Elin følge nøye med Ailo for å utelukke at andre ting kan ligge bak.
– Sidan han er så frisk elles, håper vi at det går seg til, seier Blindheim.
Familien stortrivast på sin nye heimstad og har funne seg godt til rette i det vesle samfunnet. Etter kvart er planen at Ailo skal få prøve seg i hundespann. No er Elin Blindheim spent på om mørketida også vil påverke resten av familien, og vurderer å skaffe seg ei lyslampe.
– Først og fremst til oss menneska, men kanskje Ailo også skal få prøve litt og sjå om han kviknar til, ler Elin Blindheim.