Ein av dei mest premierte elghundane i landet er framleis vekke i Tingvoll.
Dei to hundane til familien Torjul forsvann for ti døgn sidan, men vesle julaftan kom den eine tilbake.
17 år gamle Aina Torjul trur dei to hundane har sett på sprang etter hjort.
Ho håpar framleis på at også den andre hunden skal kome til rette, og ber folk om tips.