Hopp til innhold

Humanistisk konfirmasjon i vinden

Stadig fleire ungdommar vel humanistisk konfirmasjon. I fjor valde 8 prosent av årskullet i Møre og Romsdal slik konfirmasjon. I år er talet oppe i over 12 prosent.

Konfirmasjon Humanetisk forbund Sunndal

Bilete frå ein Humanistisk konfirmasjon i Sunndal.

Foto: Privat

Det er spesielt i Ålesundsområdet at auken har vore stor. I mai i år skal 121 unge feire konfirmasjon i kulturhuset. For berre nokre år sidan var talet på 70.

Konfirmasjonsansvarleg for Humanetisk forbund i Ålesund, Sissel Basso, trur omsyn til familien er årsaka til at mange har vegra seg for å velje vekk den kyrkjelege konfirmasjonen tidlegare.

– Eg trur vi har vore litt bundne av tradisjonar og at ungdommane har vore redde for å gjere noko som foreldre og besteforeldre ikkje vil like. Noko av grunnen til auka, trur eg, er at foreldre og andre no er meir opne for at ungdommane kan velje annleis.

Treng ikkje melde seg ut av statskyrkja

Dei humanistiske konfirmantane treng ikkje å vere medlemar av humanetisk forbund eller vere utmelde av statskyrkja. Men, vel altså kurs med vekt på menneskerettar før ein seremoni i eit rådhus eller kulturhus. Medan talet på Nordmøre og i Romsdal har vore stabilt siste åra har auken vore størst på Sunnmøre.

200 humanistiske konfirmantar i Ålesund er eit hårete mål, men Sissel Basso trur ikkje det er så langt unna:

– Noko som kan vere utfordrande for oss er at vi ikkje har eigne bygningar. Vi må ut på leigemarknaden, og så lenge talet framleis aukar kan dette fort bli ein realitet.

Les også: –Eg valde kristen konfirmasjon fordi mamma sa det

Les også: Tru og tradisjon står sterkt i fylket